Faktaboks

Asle Toje
Fødd
16. februar 1974
Asle Toje

Asle Toje. Toje er utdanna statsvitar og har i mange år vore ein aktiv samfunnsdebattant.

Asle Toje
Av /NTB.

Asle Toje er ein norsk statsvitar og samfunnsdebattant. Han er kritisk til det fleirkulturelle samfunnet og er ein av få norske akademikarar som ope sympatiserer med Framstegspartiet (Frp). Toje har vore forskingsdirektør ved Nobelinstituttet og er medlem av Nobelkomiteen.

Bakgrunn

Asle Toje studerte statsvitskap ved universiteta i Oslo og Tromsø. I 2007 tok han doktorgraden i internasjonal politikk ved Pembroke College ved University of Cambridge i Storbritannia. Han hadde forskaropphald ved fleire universitet og institutt både i Noreg og i utlandet før han i 2009 vart tilsett som forskingsdirektør ved Det Norske Nobelinstitutt i Oslo.

Samfunnsdebattant

Toje har i mange år vore ein aktiv samfunnsdebattant, og han er ein av dei få i det akademiske miljøet som har uttrykt sympati for Framstegspartiet. Etter at stortingsfleirtalet nekta å godta tidlegare Frp-formann Carl I. Hagen som medlem av Nobelkomiteen, utpeika partiet i staden Toje som sin kandidat, og han vart innvald i komiteen i 2018. Han slutta deretter i direktørstillinga på Nobelinstituttet og driv no som fri forskar, forelesar og forfattar.

Sjølv har Toje kalla seg «raud» i sosiale spørsmål, liberal i økonomiske saker og konservativ i kultur og politikk. Han er tilhengjar av nasjonalstaten og kritisk til at EU skal utvikle seg i meir overnasjonal retning. Han meiner òg at det må vere ein stor grad av felles kultur for at eit samfunn skal henge saman, og viser gjerne til Sverige som døme på kor ille det kan gå når ein ikkje tek på alvor problema som det fleirkulturelle samfunnet etter hans syn fører med seg.

Tankane sine har han presentert som kommentator i ei rekkje norske aviser og tidsskrift, mellom anna Dagens Næringsliv, Morgenbladet, Klassekampen, Bergens Tidende, Aftenposten og Minerva. Han har også skrive fleire bøker.

Det har fleire gonger stått strid om Toje. I 2015 boikotta han NRK etter at han opplevde seg uthengd som rasist i eit satireprogram. I 2017 tok han dissens i det regjeringsoppnemnde Brochmann 2-utvalet, som skulle greie ut dei langsiktige konsekvensane av høg innvandring. Toje hevda at å halde fram med høg innvandring vil føre til at etniske nordmenn kjem i mindretal i Noreg, og at dette vil vere negativt for norsk kultur. Standpunktet skapte sterk debatt.

Utgivingar

  • The European Union as a Small Power. After the Post-Cold War (2010)
  • Rødt, hvitt og blått. Om demokratiet i Europa (2012)
  • Jernburet. Liberalismens krise (2014)
  • Gullbrikkespillet (2020)
  • Mord er bare et ord – en pikes død i den skandinaviske kulturkampen (2021)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg