Hopp til innhold
X
Innhald

Astrid Tollefsen

Astrid Tollefsen, 1897–1973, var forfattar og lyrikar. Ho var ofte oppteken av einsemda til menneske på veg mot det ukjende og gjennom ei kjenslelaus, angstprega omverd. Tollefsen gav mellom anna ut samlingane Portrett i speil, som var debuten i 1947, Ukjent gjest i 1955, Fugl blå i 1963, På nattens terskel i 1966 og Mot et hemmelig mål i 1969.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013