Hopp til innhold
X
Innhald

Bjarne Tormodsgard

Bjarne Tormodsgard, adjunkt, journalist og redaktør i avisa Hallingdølen frå 1999 til 2016. Hallingdølen er blitt kåra til Årets lokalavis fire gonger med Tormodsgard som redaktør.

Bjarne Tormodsgard er fødd i 1956 og voks opp i Ål i Buskerud. Han tok vidaregåande skule i 1972–75, var elev på folkehøgskole i 1976–77 og var ferdig utdanna adjunkt frå Eik lærarhøgskole og Oppland Distriktshøgskole i 1982.

I 1977–78 var Tormodsgard journalist i Eidsvold Blad, i 1982–85 i Hallingdølen og i 1985–87 i Stavanger Aftenblad. Han var tilbake i Hallingdølen som redaksjonssekretær i ti år mellom 1987 og 1997. I 1997–99 var Tormodsgard journalist i Bergens Tidende. Frå 1999 til 2016 var han ansvarleg redaktør i Hallingdølen, med unntak av eit nytt opphald i Bergens Tidende (2007). Etter at han gjekk av som sjefredaktør i 2016, fekk han andre oppgåver i avisa.

Tormodsgard fekk Nynorsk redaktørpris i 2012 for å ha styrkt nynorsk som mediespråk, for å gå nye vegar og satse på nye format. Hallingdølen innførte betalingsmur på nettutgåva i 2011, som den første norske avisa, og avisa blei kåra til Årets lokalavis i 2005, 2008, 2013 og 2015, med Tormodsgard som ansvarleg redaktør.

Kjelder

Svein Olav Langåker: «Nynorsk redaktørpris til Bjarne Tormodsgard», framtida.no: http://framtida.no/articles/nynorsk-redaktorpris-til-bjarne-tormodsgard%E2%80%8E#.WCIBGPrhDIU [lesedato 8.11.2016]

Omtale av Bjarne Tormodsgard, hallingdolen.no: http://hallingdolen.no/apps/pbcs.dll/personalia?ID=bjarne1&profile=1020 [lesedato 7.11.2016]

Peikarar

Inger Lise Hammerstrøm: «Arrogansen blant de kaffe latte-drikkende i Akersgata er grenseløs», nationen.no

Kampanje: «Går av som sjefredaktør i Hallingdølen», kampanje.com

Først publisert: 10.03.2017
Sist oppdatert: 10.03.2017