Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Borghild Tenden

Borghild Tenden, lærar, rådgivar og tidlegare stortingsrepresentat for Venstre.

Borghild Tenden er fødd 23. juni 1951 i Stryn i Sogn og Fjordane, der ho òg voks opp. Sidan 1977 har ho budd i Bærum. Ho tok vidaregåande skule i 1967–70, mellomfag ved Noregs idrettshøgskole i 1971–73, mellomfag i pedagogikk i 1973–75 og mellomfag i sosiologi i 1976–77 ved Universitetet i Oslo. Seinare har ho teke 1. avdeling juss i 1987 og hovudfag i sosiologi i 1993–2000 same staden og sjefskurs ved Forsvarets høgskole i 2010.
Tenden arbeidde som lærar ved Valler videregående skole i 1978–93, var konsulent i stortingsgruppa til Venstre 1993–1996, rådgivar i Stortingets informasjonsseksjon i 1996–2005 og stortingsrepresentant for Venstre frå Akershus frå 2005.
Tenden har vore styremedlem (1994–98) og leiar (1998–2001) i Bærum Venstre, styremedlem (1994–2003) og nestleiar (1994–96) i styret for Akershus Venstre, vararepresentant (1999–2007) og fast representant (2007–11) for Venstre i Bærum kommunestyre. Ho var medlem av Akershus fylkesting i 2003–07, sat i fylkesutvalet i Akershus i 2005–07, var vararepresentant til Stortinget i 1997–2001 og var representant frå 2005 til 2013. Politisk arbeider Tenden for miljø, kollektivtrafikk, jernbane og kampen mot fattigdom.
Ho har vore nestleiar i hovudutvalet for utdanning i Akershus (1995–99), leiar av klagenemnda for utdanning i Akershus (1995–99), medlem av styret for Statens nærings- og distriktsutviklingsfond i Oslo og Akershus (1995–99) og medlem av kontrollutvalet i Bærum (1999–2003). Tenden var medlem av styret for Vestfjorden Avløpselskap, VEAS, i 2003–07 og var sentralstyremedlem i Europabevegelsen frå 2011.

Tenden har sidan 2015 vore studiekoordinator og høgskulelektor ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Kjelder
Borghild Tenden, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=BT [lesedato 3.3.2012]
Borghild Tenden, venstre.no: http://www.venstre.no/akershus/artikkel/233/ [lesedato 3.3.2012]

Først publisert: 19.06.2012
Sist oppdatert: 01.08.2018