Hopp til innhold

Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn er forfattar, lyrikar, forlagsredaktør og journalist. Poetisk, kort og presist, tap og familierelasjonar, er viktige kjennemerke for Tjønn sin litteratur.

Brynjulf Jung Tjønn er fødd 15. november 1980 i Seoul i Sør-Korea. Han vart adoptert til Noreg i 1983 og voks opp i Feios i Sogn og Fjordane. Tjønn er høgskulekandidat frå Journalisthøgskolen i Oslo i 2004. Han har vore journalist og reporter for VG i 2004 og NRK i 2011, redaktør for nettsida til Den norske kyrkja frå 2011 til 2017, redaktør for tidsskriftet Bokvennen Litterær Avis og forlagsredaktør i Det Norske Samlaget frå 2017.

Tjønn har publisert dikt, noveller og essay i antologiar og magasin, mellom anna i Syn og Segn. I tillegg har han gitt ut fleire bøker, både for born, ungdom og vaksne. Døden er eit grunnleggjande tema i forfattarskapen. Familiekriser er òg eit motiv forfattaren nyttar ofte. Tjønn skriv poetisk og innsiktsfullt, med nyskapande bilete og ein nøktern stil. Språket er enkelt og direkte, sterkt og vakkert.

Han romandebuterte i 2002 med Eg kom for å elske. Med korte, presise situasjonsskildringar skaper forfattaren bilete av ei ungjente fylt av smerte over ein familie i endring. Ungdomsromanen Så vakker du er (2013) tematiserer kjærleik, tap, sorg og død. Hovudpersonen opplever at ein kjær onkel er døyande. I sterke, rørande skildringar stig ein bodskap fram, om å gripe sjansar og leve livet medan ein har det.

Tjønn vart nominert til Kulturdepartementet sin litteraturpris for Så vakker du er (2013) og til biletbokprisen for Den finaste historia (2016). I 2013 fekk han Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for Så vakker du er.

Kjelder

Nettsamtale med Brynjulf Jung Tjønn 14.11.2017

Cappelen Damm: «Brynjulf Jung Tjønn», informasjon om forfattaren, cappelendam.no: https://www.cappelendamm.no/forfattere/Brynjulf%20Jung%20Tj%C3%B8nn-scid:25797 [lesedato 17.11.2017]

Forfattaren si eiga nettside, brynjulf.no: http://www.brynjulf.no/ [lesedato 14.11.2017]

Peikarar

Sindre Ekrheim: «Vakker og lågmælt forteljing», bokmelding, vg.no 

Merete Skogrand: «Odelsgutten som ble forfatter», intervju med forfattaren, dagbladet.no 

Reidun Kydland: «Brynjulf Jung Tjønn: Alt det lyse og alt det mørke», boktips frå Nynorsksenteret, nynorskbok.no 

 

Først publisert: 07.03.2018
Sist oppdatert: 01.08.2018