Faktaboks

Carl Frode Tiller
Fødd
4. januar 1970, Namsos
Portrett
Carl Frode Tiller
Omslag
Med Innsirkling 3 avsluttar Tiller prosjektet han starta med Innsirkling i 2007.

Carl Frode Tiller er ein norsk forfattar og historikar. Han debuterte med Skråninga i 2001, og for den blei han tildelt Tarjei Vesaas debutantpris. Hovudverket er trilogien Innsirkling, der den av bøkene blei innstilt til Nordisk råds litteraturpris. Carl Frode Tiller er rekna som ein av dei viktigaste forfattarane i norsk samtidslitteratur.

Debut

Tiller debuterte i 2001 med romanen Skråninga. Det er ei mørk og dyster forteljing om tilhøve mellom menneske i nære forhold, der krangel og usemje, alkoholbruk og vald er daglegdags. Romanteksten føregir å vere skriven av ein ung mann som er innlagt på psykiatrisk institusjon. Han skriv for harde livet og må skrive seg ferdig, før gravferda til faren neste dag. I grovt realistiske detaljar får vi innsyn i ein kald barndom, i uforstand og einsemd, der mangelen på varme og nærleik er påfallande. Romanen går mange omvegar på si leiting etter kva det er som formar eit menneske, men også korleis vi kjem til syne for kvarandre. I eit rikt, variert og poetisk språk er det nesten som Skråninga syng om sorg og sakn og tap, om alt det som kunne ha vore, men som gjekk heilt gale. Tiller fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for denne boka som også blei tildelt ei rad andre prisar.

Bipersonar

Også i neste boka, Bipersonar (2003), er det mangelen på samspel i familietilhøve som står sentralt. I heile forfattarskapen så langt synest det å vere eit mål å finne ut kva som forma og skapte dei karakterane vi møter, kva barndom og oppvekst og tilhøva ein veks opp under, gjer med eit menneske gjennom livet. Korleis kan ein bli klar for vaksenlivet med dei førebileta Tillers personar har, og er det arven frå mor og far eller levevilkåra heilt allment i ei fattig bygd eller ein småby som er avgjerande?

Innsirkling 1–3

Djup psykologisk forståing går hand i hand med skarp analyse av historiske og kulturelle fenomen, i skildringa av menneske som kjempar med seg sjølv og andre si oppfatning av dei, i eit av storverka i norsk litteratur på 2000-talet: trilogien Innsirkling 1 – 3 (2007, 2010, 2014). To av dei tre banda blei innstilt til Nordisk Råds litteraturpris, og det seier litt om mottakinga i Noreg. Likevel er det heilskapen som gjer dette til meisterleg og storarta litteratur.

Dei tre bøkene har alle David som hovudperson, men vi møter han berre gjennom det andre kan fortelje om han og deira forståing av han, før vi på slutten av band 3 får oppleve han som den han er. Alle bøkene vekslar mellom ei notidsforteljing og brev til David som tek føre seg ulike fasar i livet hans, ut frå kven brevskrivaren er.

Den dristige og berande tanken bak heile romanverket er nemleg ein avisannonse som oppmodar dei som har kjent David om å skrive til han, for han har mista hukommelsen og er på institusjon. Først i siste bandet får vi vite meir om dette grunnleggjande grepet, men det gjer at Tiller kan bruke heile si skaparkraft, si meisterlege evne til menneskeskildring, kjennskap til tradisjonar og veremåtar og levevis heilt frå gammaltida fram til det moderne Noreg, i leitinga etter personen David og dei kreftene som forma han – både til ungdomskriminell, til litteraturstudent og til forfattar av ein sjølvbiografisk roman.

Gjennom forteljingane og breva får vi ei «innsirkling» ikkje berre av Davids liv, men også av livet til brevskrivarane. Vi ser levd liv, kjærleik og død, skiftande tider i eit Noreg på veg mot nye tider og nye måtar leve på. Det er mørkt og det er svart, det er så mykje uforstand og vrangvilje, så mykje som øydelegg og bryt ned at ein skulle tru det var uråd å kome eg ut av alt som bind og stenger og er til hinder for vokster og nytt liv. Men trilogien ser ut til å ende med eit håp, trass alt som har drege og dreg i motsett retning.

Litterært sett, som forteljing, som innsikt i mekanismar bak samfunnsutvikling og bak menneskeleg nød og elende, møter vi ein tekst der den psykologiske innsikta blir prøvd ut, kasta om, og prøvd igjen, og der språket lever både gjennom sterk historieforteljing, beisk humor, glitrande dialogar (mest som umuleg krangel). Trass alle «skrivarane» og dei mange vinklingane på stoffet er dette eit heilstøypt romanverk.

Begynnelser

I 2017 kom romanen Begynnelser som går bakover i tid etter at miljøvernaren Terje har tatt sitt eige liv. Her handlar svært mykje om tilhøvet mellom naturen som vi held på å øydeleggje og menneskenaturen. Terje vernar om det som er trua med utrydning, men også menneskenaturen kan vere skjør og ta skade. Det er annleis med Terje enn med David og andre sentrale figurar i Tillers forfattarskap, men det usikre og såre, alt det som treng til trøyst, men ikkje får det, finst også i denne romanen.

Flukt

I 2021 kom roman Flukt som fortel ei tragisk familiehistorie frå perspektivet til foreldreparet Elisabeth og Sakarias, og den døde sonen deira, Johannes. Romanen er formmessig inspirert av Bach sine fuger, og dei tre perspektiva flyt inn i kvarandre, bilete og tema blir repeterte, og språket har ein gjentakande rytme.

Dramatikar og låtskrivar

Tiller har og skrive eit par skodespel, og er musikar og låtskrivar i rockebandet Kong Ler.

Prisar

Han har fått mange litterære prisar. Dei viktigaste er Brageprisen i 2007 og og Sultprisen, alle for Innsirkling i 2008. I 2009 fekk han EUs litteraturpris for same boka. Han var festspeldiktar under Dei nynorske fespela i 2019. For den samla forfattarskapen fekk han i 2020 Doblougprisen. For Flukt vann han Ungdommens kritikerpris i 2022.

Utgjevingar

Romanar

  • Skråninga (2001)
  • Bipersonar (2003)
  • Innsirkling (2007)
  • Innsirkling 2 (2010)
  • Innsirkling 3 (2014)
  • Begynnelser (2017)
  • Flukt (2021)

Skodespel

  • Folkehelsa (2007)
  • Portrett av ein varulv (2011)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg