Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Braunman Tullin

Christian Braunman Tullin, 1728–65, var forfattar, tollinspektør og rådmann i Christiania. Han er mest kjend for bryllaupsdiktet En Maij-Dag frå 1758. I arbeida hans møtest den sirlege rokokkoforma, fornuftstrua frå opplysningstida og ei spirande naturkjensle frå romantikken. Tullin gav elles ut mellom anna Et Indlæg til Fornuftens Ret for Quindekiønnet i 1760. Han vart sedd på som den fremste diktaren i Danmark-Noreg på den tida.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013