Hopp til innhold
X
Innhald

Dame Ninette de Valois

Dame Ninette de Valois [valoa], 1898–2001, var britisk dansar, koreograf, ballettleiar og pedagog.
De Valois grunnla og leidde Vic-Wells Ballet, som seinare vart kalla Sadler’s Wells Ballet, og som frå 1956 vart Royal Ballet. Ho leidde Royal Ballet School i åra 1961–71.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 14.05.2014