Hopp til innhold
X
Innhald

Edith Thallaug

Edith Thallaug, fødd 1929, er operasongar (mezzosopran) og skodespelar. Thallaug var knytt til Nationaltheatret i 1948–60, og frå 1964 til Stockholmsoperaen. I 1976 vart ho Kunglig Hovsångerska.
 
Thallaug har hatt ei omdattande internasjonal konsertverksemd i Europa, USA og Asia. Ho har mellom anna sunge ved La Scala, Milano og Bolsjoi i Moskva. Edith Thallaug hausta mykje ros for tolkinga av tittelrolla i Carmen.

Ho mottok Kritikarprisen i 1972 og Grieg-prisen i 1977.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 10.01.2014