Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Thorsrud

Einar Thorsrud, 1923–85, var ein norsk arbeids- og organisasjonspsykolog, som var ein internasjonal pioner i utvikling av arbeidet med industrielt demokrati, til dømes samarbeidsprosjektet LO–NAF. Han var initiativtakar og leiar av Institutt for Industriell Miljøforskning (IFIM) ved Norges tekniske høgskole (NTH) og seinare Arbeidspsykologisk institutt (AFI) i Oslo. Thorsrud var professor II ved Universitetet i Oslo i åra 1975–85.

Først publisert: 07.09.2015
Sist oppdatert: 07.09.2015