Hopp til innhold
X
Innhald

Finn Tokvam

Finn Tokvam, artist og programmedarbeidar i NRK. Han er blitt ei original røyst i norsk journalistikk og underhaldning, med evne til å overraske der ein ventar det minst.

Tokvam er fødd i Flåm 25. januar 1972. Etter journalistutdanning frå Høgskolen i Stavanger i 1997 var Tokvam programmedarbeidar i NRK Sogn og Fjordane 1997–2000. Etter det har han arbeidd i NRK Hordaland P1. I 2017 gav han ut biografien om Lothepus.
 
Saman med Bård Ose har han sidan januar 2003 laga P.i.l.s. (Populærmusikk ispedd litt sladder) på NRK P1. Eit endå større kultprogram blei Radio Røynda, utvikla av Tokvam og etter kvart skapt saman med Halvor Folgerø og Odd Erik Lothe. Det som i 2001 skulle vere ein adventsserie i 15 delar, blei ein fast programpost, og det som var tenkt som ein parodi på røyndoms-tv, blei ei sofistikert hylling av ein nynorsk røyndom.
 
Saman med Folgerø gav han ut romanen Tyl i 2006. Dei to hadde også to av hovudrollene i oppsetjinga av Vestlandsrevyen i Bergen hausten 2007. Saman med Ragnar Hovland, Claus Sellevold og Olav Stedje reindyrka dei ein hegemonisk humor, der alt blei sett frå nynorskbrukarens utsynspunkt.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.09.2009
Sist oppdatert: 01.08.2018