Hopp til innhold
X
Innhald

Frank «Tønes» Tønnesen

Frank «Tønes» Tønnesen, musikar som spelar ei leiken form for viserock. Med dei novelleaktige tekstane, framførte på dialekt, utfordrar han den tradisjonelle songlyrikken.

Frank Tønnesen er fødd 28. april 1972 i Sokndal, Rogaland. Han er utdanna elektrikar, med lærlingtid i bergverket Titania A/S (1992–94), der han arbeidde heilt fram til 2015.
Tønnesen hadde eit år som fiskar bak seg før han byrja i lære hos Titania i Sokndal. Ved sida av har han heile tida arbeidd med musikken. I heimfylket har han spela tallause konsertar, men han er òg blitt noko av ein kultfigur i det norske visemiljøet. Etter det store gjennombrotet som musikar i 2012 er han framleis tilsett på deltid i Titania.
Tønnesen har gitt ut sju platealbum og tre EP-ar under artistnamnet Tønes. Han debuterte i 1996 med Rett te håves. Plata Sån av Salve, frå 2012, har mykje til felles med debuten, men vitnar samstundes om ein mogningsprosess. Tekstane på Sån av Salve er humoristiske, men òg alvorlege og fortel underlege og attkjennelege kvardagshistorier. Ofte snur Tønes opp ned på stort og smått, viktig og uviktig, i ei form for viserock som verken er redd for å bruke eller bryte med sjangerkonvensjonar.
Med erfaring frå Sokndal Amatørteater har han òg gjort suksess med fleire revyar i Egersund. Han er både revyskapar og skodespelar.

Tønes fekk Josefines visepris i 1997 og blei kåra til årets artist i NRK Lokalen (Rogaland) i 1998 og 2000. I både 1998 og 2013 vart han kåra til Årets Sokndøl. Han blei nominert til Spelemannsprisen i 2009 for Sobihob, i kategorien «Årets tekstforfattar». I 2012 blei Sån av Salve kåra til Årets plate av Dagbladet. Tønes fekk to Spelemannsprisar for 2012, i kategoriane «Årets tekstforfattar» og «Årets vise», og Spelemannsprisen for 2015 i kategorien «Årets vise». Han fekk Prøysenprisen 2012, Stavanger Aftenblads kulturpris 2013, Norsk Målungdoms dialektpris i 2013 og Rogaland Mållag sin målpris i 2016.

Video: Tønes framfører «Eg går og legge meg» på Lindmo, NRK
Kjelder
E-post frå Frank Tønnesen 24.1.2013
Intervju med Tønes i Dagbladet Magasinet 17.11.2012: http://www.dagbladet.no/2012/12/10/kultur/musikk/tones/arets_beste/arsbeste/24761569/ [lesedato 16.2.2013]
Peikarar

Først publisert: 25.09.2013
Sist oppdatert: 28.04.2017