Hopp til innhold
X
Innhald

Geirr Tveitt

Geirr Tveitt, komponist, pianist og musikkteoretikar som skapte noko av det mest originale innanfor norsk musikk i det førre hundreåret.
Geirr Tveitt var fødd 19. oktober 1908 i Bergen og døydde 1. februar 1981 i Oslo. Han var døypt Nils, men endra i 1935 namnet til Geirr og sette seinare ein t til familienamnet Tveit. Han er gravlagd på Vikøy kyrkjegard i Hardanger.
 
Alle sine folkeskuleår gjekk han på Strømsgodset i Drammen. Likevel knytte han seg alt frå barndomen sterkt til slekta og landskapet i Hardanger og heldt seg mykje der i oppveksten. I gymnastida på Voss dreiv han eit intenst kompositorisk sjølvstudium, som i 1928 opna veg til det tradisjonsbundne konservatoriet i Leipzig. Her prova han tidleg talentet sitt, påverka av norrøne og norsknasjonale idear, av hardingfela og norske stev, men også av annan nasjonal musikk, slik han var uttrykt hos dei store russarane (Borodin, Mussorgskij, Rakhmaninov), og i tillegg fransk impresjonisme (Ravel og Debussy). Han var kritisk til det kristne livssynet og oppteken av den norrøne gudeverda, og han vart fanga inn av heidendomsrørsla som professor Wilhelm Hauer var den fremste talsmannen for gjennom Deutsche Glaubensbewegung.
 
Gjennombrot
Komponistdebuten i april 1931 med Klaverkonsert i F hausta lovord i tysk presse, og verket vart mykje omtykt også i Bergen og Oslo. Tveitt fullførte studietida med opphald i Paris og i Wien. Heime att i Hardanger skreiv han det koreografiske dramaet Baldurs draumar, bygd på Edda-dikting. Den norrøne idéverda, eit mytisk landskap av segn og soge, løyste ut eit stort tenkt verk i moderne tonespråk med primitiv tematikk, påverka av mellom anna Stravinskijs Vårofferet. Ei klaverutgåve vart framført i Leipzig, Berlin, Oslo og Bergen. Orkesterversjonen i Oslo 1938 vart eit avgjerande gjennombrot for toneskalden. Musikken stod på programmet også i København og Paris.
 
Frå 1935 søkte han fotfeste som musikkteoretikar (avhandlinga Tonalitätstheorie des parallelen Leittonsystems), kritikar, pianist og dirigent i Oslo. Busett på ættegarden Tveit i Norheimsund frå 1941 bygde han komponistheimen Bjødnabrakane i lia 230 meter over havet, men flytte seinare ned til garden, der han budde til 1966. Deretter var han for det meste busett i Oslo. Ein tragedie råka kunstnaren då bustadhuset på Tveit, der dei fleste originalnotane låg samla, brann ned til grunnen i 1970.
 
Hundrad hardingtonar
Midt i 1930-åra og i krigsåra samla Geirr Tveitt folketonar frå munnlege kjelder i Hardanger-bygdene. Frå eit tilfang på over tusen tonar valde han ut og arrangerte femti av dei for klaver. I samlinga Hundrad hardingtonar for orkester finst fire suitar med i alt 60 nummer, ein del av dei var komponisten sine eigne «folketonar». Friskt melodistoff, framifrå instrumental karakterisering og rik stemningsfylde plasserer Geirr Tveitts hardingtonar mellom dei fremste blant norske musikkverk. Eit særleg folkekjært tonestykke er Velkomne med æra, opphavleg ei seremonivise som levde mellom grannar på Tveit-garden og berre der.
 
Virtuos pianist
Som utøvar utvikla Geirr Tveitt seg til ein virtuos i tradisjonen etter komponist-pianistar som Rachmaninov og Prokofjev. Han feira ein avgjerande triumf med eigne verk i Paris i 1947 og gjorde deretter årlege konsertferder i latinske og nordafrikanske land fram til 1954, då han urframførte Klaverkonsert nr. 5 i Champs-Élysée-teatret. Røynsle med praktisk-pianistiske problem eggja fantasien og tøygde grensene for kva slags klangfargar ein kan lokke ut av eit klaver, slik den visjonære sonate nr. 29, Sonata etere, er eit glitrande døme på. I tillegg til seks solokonsertar for klaver skreiv Tveitt konsertar for hardingfele (Tri fjordar er nr. 2), harpekonsert og symfoni. Operaen Jeppe, fritt etter Holberg, urframført av Festspillene i Bergen, vart også spela på Den Norske Opera i fleire oppsetjingar.
 
Talrike songar
Stortinget gav Geirr Tveitt Statens kunstnarløn 1958, tjue år etter at ei rad samfunnstoppar søkte om slik gasje for den talentfulle unge komponisten. I mellomtida hadde han i åra 1940–42 teke på seg ombodet som statens musikkonsulent. Han hevda at han gjekk til dette ulønte vervet for å berge mest mogleg av norsk nasjonalt musikkliv mot tysk påverknad.
 
I ettertid valda saka store vanskar for han. Ei granskingsnemnd etter krigen frikjende Tveitt for dei alvorlege ankemåla som Norsk Komponistforening reiste i mai 1945. Han hadde ikkje vore medlem av NS og hadde ikkje vist unasjonal framferd i stillinga som statens musikkonsulent, tvert imot hadde han motarbeidd så langt råd var styresmaktene sine nazifiseringsforsøk. At han under krigen tok imot statens kunstnarløn, som han var innstilt til og stod for tur til å få før krigen, ville òg nemnda «beklage», men så fekk det vere med det, likeins at han tok imot eit statsstipend til innsamling av folketonar. Etter eit års eksklusjon vart han på nytt medlem av komponistforeininga og TONO. Trass i denne avgjerda har eksklusjonssaka og tilknytinga Tveitt hadde til det nasjonalsosialistiske Ragnarok-miljøet i mellomkrigstida, stadig lagt ein skugge over ettermælet.
 
Fram til 1960-åra arbeidde Tveitt som fri kunstnar. Aukande økonomiske problem tvinga han til å ta fast stilling, og som konsulent i NRK laga han ein serie diktarportrett med nyskapt musikk. Mellom eit par hundre songar til tekst av norske lyrikarar finst slike perler som «Fløytelåt» (Jakob Sande), «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta» (Aslaug Låstad Lygre) og «So rodde dei fjordan» (Aslaug Vaa). Med desse og burlesk-humoristiske viser som «Hestehandlarar» og «Drama» gav Tveitt viktige tilskot til den norske songskatten.
 
Kjelder
Hallgjerd Aksnes: «Geirr Tveitt – en rotnorsk europeer», Norges musikkhistorie bd.4. Oslo 2000
Hallgjerd Aksnes: Perspectives of Musical Meaning. A study based on selected works by Geirr Tveitt. Avhandling. Oslo 2002
Terje Emberland: Religion og rase. Oslo 2003
Bjarte Engeset: «Naturrealisme og naturmystikk i Geirr Tveitt si orkestrering av Hardingtonesuitane». Troldhaugens skriftserie, hefte 2. Bergen 2003
Einar Røttingen: Etablering av en norsk klavertradisjon. Impretative trekk ved Edvard Griegs Ballade op. 24, Geirr Tveitts Sonate nr. 29 op. 129 og Fartein Valens Sonate nr. 2 op. 38. Avhandling. Oslo 2006
Reidar Storaas: Mellom triumf og tragedie. Geirr Tveitt – ein biografi. Oslo 2008
Reidar Storaas: Tonediktaren Geirr Tveitt. Songjen i fossaduren. Oslo 1990
Tore Tveit: Geirr Tveitt, nordmann og europeer. Hans forhold til den nasjonale retning i 30-årene. Hovudoppgåve. Universitetet i Oslo 1983
 

Først publisert: 18.12.2009
Sist oppdatert: 19.08.2010