Hopp til innhold
X
Innhald

George Paget Thomson

Sir George Paget Thomson, 1892–1975, var britisk fysikar. Han var son av J.J. Thomson. I 1927–28 påviste Thomson at elektron i fart har bølgjenatur slik Broglie sin teori om materiebølgjer føresa. Thomson fekk nobelprisen i fysikk i 1937 saman med C.J. Davisson.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2011
Sist oppdatert: 14.12.2011