Hopp til innhold
X
Innhald

Hadia Tajik

Hadia Tajik, journalist og nestleiar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Tajik var Kulturminister 2012–2013 i Stoltenberg II-regjeringa.

Hadia Tajik er fødd 18. Juli 1983 i Strand kommune i Rogaland. Ho voks opp i Bjørheimsbygd i Strand og tok allmennfag ved Strand vidaregåande skule. I 2004 fullførte Tajik bachelorgrad i journalistikk ved Høgskulen i Stavanger. I 2005 tok ho mastergrad i menneskerettar ved Kingston University i England. Tajik har òg ein mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo frå 2012.

I åra 2001–06 var Tajik journalistvikar i mellom anna Aftenposten, VG og Dagbladet, og i seinare år skreiv ho jamleg kommentarar og bokmeldingar for Morgenbladet, Ny Tid og Stavanger Aftenblad. Tajik har vore politisk rådgjevar i fleire departement. I 2006 vart ho politikar rådgjevar i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, og i 2008 hadde ho eit vikariat som rådgjevar på statsministerens kontor. Ein kort periode arbeidde ho også i Justisdepartementet før ho i 2009 var attende som politisk rådgjevar i Arbeids- og inkluderingsdepartementet. I 2009 vart Tajik vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Oslo. Fram til ho vart statsråd i 2012 var ho medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen og valkomitéen.

Den raudgrøne regjeringa tapte valet 9. september 2013, men Hadia Tajik vart innvald på Stortinget for Oslo. 16. oktober 2013 søkte regjeringa Stoltenberg avskil og Tajik gjekk av som kulturminister. I perioden 2013–17 er Hadia Tajik leiar for justiskomiteen på Stortinget. Ved stortingsvalet 2017 vart Tajik vald inn til si tredje periode som stortingsrepresentant.

Tajik var leiar av Arbeidaranes Ungdomsfylking (AUF) i Strand frå 1999 til 2002. Seinare har ho vore politisk nestleiar i Rogaland AUF og hatt fleire andre verv for AUF og Arbeidarpartiet i Oslo. Frå 2015 har Tajik vore nestleiar i Arbeidarpartiet. Mellom 2007 og 2009 var ho medlem av Språkrådets fagråd for samfunn og høgare utdanning. Tajik er medlem av Løvebakken Mållag og skriv nynorsk.

I 2001 redigerte ho boka Svart på hvitt. Tajik har sjølv foreldre som innvandra frå Pakistan kring 1980, og i boka samla ho tekstar av unge innvandrarar om identitet, rasisme og diskriminering. Tajik var første muslimske statsråd, og hittil også den yngste statsråden i norsk historie.

Kjelder

E-post frå Hadia Tajik, 07.08.2012

Hadia Tajik, «representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HTA [lesedato 07.08.2012]

Hadia Tajik sin CV: http://hadia.no/om-meg/cv/ [lesedato 07.08.2012]

Peikarar

Hadia Tajik sin nettstad

Hadia Tajik ny kulturminister, Regjeringen.no 21.9.2012

Intervju med Hadia Tajik i Advokatbladet, 9.9.2009

Bokmelding av Svart på hvitt i MiRA-Magasinet 2/2001

Først publisert: 21.09.2012
Sist oppdatert: 15.09.2017