Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Olav Tungesvik

Hans Olav Tungesvik, politikar og spesialist i psykiatri.
Tungesvik var fødd i Skånevik 22. mai 1936 og døydde 16. juni 2017. Han blei cand.med. ved Universitetet i Oslo i 1964 og spesialist i psykiatri frå 1975. Tungesvik var lege fleire stader før han i 1985 blei dagleg leiar for den psykiatriske institusjonen Frihamn-senteret i Skånevik. I 1996 blei han også sjefslege ved Modum Bads Nervesanatorium.

Tungesvik var kommunestyremedlem i Kvinnherad 1967–69 og i Etne 1971–75. Då gjekk han over frå Venstre til KrF, og han var stortingsrepresentant for dette partiet frå Hordaland 1977–85.

Tungesvik var ein dugande formidlar av medisinsk kunnskap og gjorde særleg lykke med radioprogrammet «Eit kvarter med legen» frå 1970, utgitt i bokform som 30 kvarter med legen (1974).

Han var formann i Noregs Mållag 1965–70 og formann i folkeaksjonen mot sjølvvald abort 1974–75.

I 2014 vart Tungesvik utnemnd til æresmedlem i Noregs Mållag.

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Peikarar

«Hans Olav Tungesvik (1936 – 2017)», nm.no

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 31.07.2017