Hopp til innhold
X
Innhald

Hege Tunaal

Hege Tunaal, fødd 1948, er visesongar og songpedagog. Ho debuterte saman med Lars Klevstrand med plateutgivinga Dobbeltportrett i 1969. Seinare har ho stått bak ei rekkje utgivingar med norske viser og songar av mellom andre Mikis Theodorakis og Violetta Parra. Tunaal har også medverka i fleire musikalske kabaretar. Ho er tilsett som songpedagog ved Statens teaterhøgskule. I 1993 fekk ho Spellemannprisen saman med Lars Klevstrand.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 13.01.2014