Hopp til innhold
Heine Totland. Kjelde: Arbeiderpartiet på flickr.com. CC BY-ND 2.0.
Heine Totland. Kjelde: Arbeiderpartiet på flickr.com. CC BY-ND 2.0.
X
Innhald

Heine Totland

Heine Totland, artist frå Bømlo som kombinerer song og skodespel. Han har hatt roller i musikalar som Jesus Christ Superstar, Mamma Mia! og Buddy Holly.

Heine Totland er fødd 16. oktober 1970 på Bømlo og bur no i Oslo. Han gjekk musikklinja på Stord vidaregåande skule (1986–89) og eit år på Romerike folkehøgskole (1989–90). I 1991 reiste han til Budapest i Ungarn, der han studerte ved Lisztakademiet. Han har arbeidd som bartender og servitør, men har levd som musikar og skodespelar sidan 1994.

I 2005 gav han ut soloalbumet Tough Times for Gentlemen. Frå albumet Sunny Side frå 2009 er songen «Our last summer» blitt mykje spela på radio. Året etter var Totland deltakar i Melodi Grand Prix med songen «The best of me is you», der han kom til delfinalen. I 2018 gav Totland ut Heines sommerfavoritter vol 1 og vol 2, der han har laga nye arrangement på songar som «Hildringstimen» av Erik Bye og «Livets lyse side» av Finn Kalvik. Totland har samarbeidd med fleire andre artistar, mellom anna kona Silje Nergaard, Jan Eggum, Vazelina Bilopphøggers og Gisle Børge Styve. Han har òg hatt prosjekt saman med storband og symfoniorkester, mellom anna Sandefjord Storband og Kristiansand Symfoniorkester.

I tillegg til karrieren som soloartist har Totland kombinert songen med skodespel. Han har hatt sentrale roller i fleire musikalar. I regi av Bømlo musikallaug har han vore med i mellom anna Chess, Jesus Christ Superstar og Les Miserables. I 2009 spela han den homofile Harry i Mamma Mia! på Folketeateret i Oslo. Frå 2010 til 2012 spela han hovudrolla i Buddy Holly på same scene. Seinare har Totland og bandet frå denne musikalen turnert i Noreg med musikk frå 1950- og 1960-åra under namnet «Rock and roll Circus». I 2011 spela han rolla som kordirigenten i filmen Sykt lykkelig.

 

Kjelder

Henriette Louise Krogness: «Heine Totland», nrk.no: https://www.nrk.no/kultur/heine-totland-1.7524365 [lesedato 10.7.2018]

Heine Totland, biografi, frikkmusikk.no: https://frikkmusikk.no/heine-totland/ [lesedato 10.7.2018]

Heine Totland, biografi, rockipedia.no: http://www.rockipedia.no/artister/heine_totland-46759/http://www.rockipedia.no/artister/heine_totland-46759/http://www.rockipedia.no/artister/heine_totland-46759/ [lesedato 10.7.2018]

 

Peikar

Heine Totland syng «He’s my brother», youtube.com

Først publisert: 26.03.2019
Sist oppdatert: 01.08.2019