Hopp til innhold
Foto: Åge Bjørnevik
Foto: Åge Bjørnevik
X
Innhald

Helge Torvund

Helge Torvund, lyrikar, forfattar, psykolog og kritikar. Frå debuten i 1977 og fram til 2007 har han gitt ut diktsamlingar nesten årleg, til saman 25.

Torvund er fødd 20. august 1951 i Nærbø på Jæren og bur i Sirevåg i Hå. Han tok økonomisk artium ved Rogaland offentlege landsgymnas på Bryne i 1970 og blei cand.psychol. ved Universitetet i Oslo i 1981.
 
Som psykolog arbeidde han først som miljøarbeidar på Bjerketun Hjem og Skole i 1982, og deretter ved PPT-tenesta i Grimstad i 1982–1984. Frå 1988 hadde han deltidstilling som skulepsykolog ved Ogna skule og har seinare vore i kombinert stilling ved PPT-tenesta i Hå og ved Ogna skule som skulepsykolog.
 
Torvund debuterte med diktsamlinga Hendene i byen (1977) og etablerte seg som ein framståande lyrikar med Lyssmeden i 1983. Diktsamlinga Alt er høy (2007) var eit nytt høgdepunkt i forfattarskapen.
 
Helge Torvund var kunstmeldar i Stavanger Aftenblad frå 1998 og fram til 2001. Han har meldt lyrikk i Arbeiderbladet og Dag og Tid og var hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet frå 2001 til og med 2007. Sidan 2001 har han vore tilsett som diktlærar på nettstaden dagbladet.no. Han har arbeidd som konsulent for fleire forlag.
 
Torvund har samarbeidd med fotografar og komponistar, bilethoggarar og grafikarar. Saman med fotograf Morten Brun hadde han ei fast spalte med foto og dikt i Dag og Tid i fem år.
 
Han har gjendikta den amerikanske lyrikaren Robert Bly i Morgondikt (1999) og nordamerikansk indianarpoesi i Hjorten kjem når me syng. Rituelle songar frå nordamerikanske indianarar (1986).
 
For barneboka Brødfanten og andre skabelonar fekk han i 1989 Diplom Pier Paolo Vergerio (europeisk barnebokpris) i klassen for poesi.
 
Frå kortdikt til song
Frå debuten i 1977 og gjennom alle diktsamlingane har Torvund utforska og arbeidd med det poetiske språket. I dei første samlingane skar han uttrykket ned til stadig kortare tingdikt. På sitt enklaste og mest konkrete er han i Til fots i mitt namn (1990).
 
Det vekte oppsikt i det litterære Noreg då Helge Torvund i 2007 presenterte ei diktsamling med eit radikalt nytt formspråk. I alt er Alt er høy er den minimalistiske, knappe og lågmælte stilen frå tidlegare samlingar avløyst av fyldige dikt og overdådig song. Her flettar han saman barokke og surrealistiske element i eit inderleg og personleg biletspråk som er friskt og nyskapande.
 
Poetisk kvardag
Sjølv kallar Torvund poeten ein «granskar i nyansar». Dikt er ein måte å fange og spele på rytmar i tilværet på. Dikta hans gir poetiske opningar til små og store situasjonar og hendingar.
 
Han er også ein kvardagspoet som skriv sanseleg og ømt om relasjonar i ei tett familiegruppe, om kjærleik mellom to vaksne menneske og om forholdet mellom foreldre og barn.
 
Jærdiktaren
Sidan 1984 har Helge Torvund budd på Jæren. Jæren har ein stor plass i forfattarskapen, det er staden for barndom og tilbakevending og røter, og det er biletlager og sjelslandskap for poesien. I dikta tek han inn lys, linjer og rørsler, himmel og hav i det opne jærlandskapet, så vel som dei små tinga – blomar og vegetasjon, dyr og insekt.
 
I diktsamlinga Kitty K (2000) priser han jærmålaren Kitty Kielland og går i spora hennar på Ogna. Her kombinerer han naturdikting med samfunnskritikk, politiske dikt særleg retta mot krigføringa i Jugoslavia. Mot storpolitiske kriser søkjer han innsikt og forsoning i jærnaturen og målarkunsten til Kitty Kielland.
 
Diktkjennar
Torvund er ein stor kjenner av poesi og har skrive mange innsiktsfulle essay og artiklar om dette temaet. I essaysamlinga Håplaust forelska i sitt eige skjelett (1995) reflekterer forfattaren både over sin eigen poetiske praksis og kva funksjon poesien har.
 
I boka Diktkammeret. Å skriva poesi (2002) har han samla poesileksjonane frå Dagbladets diktkammer og gir vidare kunnskap og praktiske råd og vink om å skrive poesi.
 
Ord og psyke
Sjelsord. Terapi, poesi og hypnose (2008) er eit reflekterande essay som handlar om orda og språket si rolle ved psykiske lidingar, om korleis orda kan vere frigjerande, setje i gang lækjande prosessar og vere vegen ut or psykiske kriser. 
 
Kjelder
Sigrid Bø Grønstøl: «Vestlandslitteraturen», i Knut Helle ofl. (red.): Vestlandets historie, bd.3: Kultur. Bergen 2006
Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie. Vår egen tid 1980–1998. Oslo 1998
Knut Ødegård: «Torvunds poetiske triumf», melding av Alt er høy, Aftenposten 24.06.2007
 
Forfattarside om Helge Torvund, Det Norske Samlaget, samlaget.no, http://www.samlaget.no/forfattar.cfm?id=1566 [lesedato 27.07.2009]
 
Vidare lesing
Knudsen, Gabriel Flørenæs: "Eg står toføtt": tematiske grunntrekk i Helge Torvunds poesi (1977-1982)". Norsk litterær årbok (1995), 187-[198]
Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 27.07.2009
Sist oppdatert: 23.09.2014