Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Ib Thomsen

Ib Kavle Thomsen, disponent og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Akershus sidan 2005 og kulturpolitisk talsmann for partiet frå 2009.

Ib Thomsen er fødd 6. oktober 1961 og voks opp i Nittedal. Han gjekk på Bjertnes videregående skole i 1977–80, tok leiarutdanning i Forsvaret i 1983 spesialkurs same staden i 1986. I 2000–01 studerte han personalleiing og situasjonsbestemt leiing ved Handelshøyskolen BI. Han arbeidde som disponent i eige firma frå 1985 til 2005, hadde deltidsstilling som områdesjef i Heimevernet i 1999–2005 og har vore stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Akershus sidan 2005.
Thomsen var medlem av Nittedal formannskap i 1987–2005, medlem av styret i Nittedal Frp i 1982–2005 og medlem av styret i Akershus Frp i 2001–05. Han var vararepresentant på Stortinget i periodane 1993–97 og 2001–05, og har hatt fast plass på Stortinget for Framstegspartiet frå Akershus frå 2005. Dei viktigaste politiske sakene hans er eldreomsorg, skule, samferdsel og sjukehustilbod, og frå 2009 er Thomsen kulturpolitisk talsmann for Framstegspartiet.
Han var medlem av styret for Nittedal Energiverk i 1991–95 og leiar i 1995–99, og han har vore styremedlem i Sandvika Storsenter i to år og Strømmen Storsenter i åtte år.
Kjelder
Omtale av Ib Thomsen på nettsidene til Frp: http://www.frp.no/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=13229 [lesedato 3.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 18.12.2012
Sist oppdatert: 13.05.2013