Hopp til innhold
X
Innhald

Inga Tusvik

Inga Lovise Tusvik, lektor, rektor og Venstre-politikar. Skuletimane kunne vere meir prega av aktuelle samfunns- og livsspørsmål enn av pensum.

Tusvik var fødd 6. juni 1914 i Borgund i Møre og Romsdal og døydde i Sula 14. mai 1992. Ho tok examen artium ved Ålesund gymnas i 1935, fullførte embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1947 og tok pedagogisk eksamen i 1949. Hovudfaget var norsk, emnet for hovudoppgåva var Berte Canutte Aarflot.
 
I 1948 var ho vikar ved Sortland kommunale høyskole, i 1949 ved Tromsø høyere almenskole. Deretter var ho rektor ved Askvoll realskule 1950–52 og lektor ved Rogaland off. landsgymnas på Bryne 1952–69. Frå 1969 til 1981 var ho rektor ved Voss gymnas.
 
Tusvik var medlem av kommunestyra både i Askvoll, i Time og på Voss. Ho var vararepresentant for Venstre til Stortinget i periodane 1958–61 og 1961–65 og stortingsrepresentant for Venstre 1965–69. Ho var varaordførar i Time 1963–67 og leiar for Norges Venstrekvinnelag 1965–69.
 
På Stortinget var ho ei av tolv kvinner, nestleiar i administrasjonskomiteen og hadde over 80 innlegg i salen dei fire åra. I interpellasjonar eller spørsmål tok ho opp tiltak for fleire kvinnearbeidsplassar i distrikta, utdanning av norske lærarar til utviklingsland og språkleg jamstilling i lærebøker for yrkesskular. Ho talte for norsk medlemskap i EF, tiltak for å fremje ei differensiert dagspresse og tok til orde for informasjon om fredsforsking i lærebøker i samfunnslære. Ved nominasjonen i Rogaland Venstre i 1969 vart ho vraka. I perioden 1975–79 var ho medlem av Hordaland fylkesting for Det Liberale Folkepartiet.
 
Tusvik hadde tillitsverv i kyrkjelege organ, fråhaldsrørsle og venstrekvinnelag og var leiar for Vaksenopplæringskomiteen i 1970–72. Ho var aktiv i Milorg under krigen 1940–45 og var heidra med Deltakarmedaljen.
 
Kjelder
Helga Sverdrup Ekrheim, Olav Ekrheim, Håkon Norås (red.): Norges filologer og realister. Stavanger 1950
Reidar Myhre: Den norske skoles utvikling. Idé og virkelighet. Oslo 1992
Nekrologar: Bergens Tidende 20. mai 1992 og Aftenposten 4. juni 1992
Stortingstidende 1965–69
Inga Tusvik: «Skyldskapen mellom Berte Canutta Årflot og dei gamle salmediktarane våre». Tidskrift for Sunnmøre historiske lag 1950
 

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 29.04.2013