Hopp til innhold
X
Innhald

Ingrid Tyldum

Ingrid Tyldum var lærar og lyrikar og gav ut to diktsamlingar. Ho sat i styret i Noregs Mållag i 1960-åra.

Ingrid Tyldum, med jentenamnet Berg, var fødd på Veme på Ringerike 8. januar 1929. Ho budde mesteparten av det vaksne livet sitt i Aurdal i Valdres, der ho døydde 12. mars 2008. Tyldum var utdanna lærar, med toårig formingslærarskule etter lærarskulen. 

Før Tyldum kom til Valdres, var ho lærar i barneskulen på Ringerike og i realskulen på Hov i Land. I Valdres var ho lærar på realskulen i Aurdal, og seinare i barne- og ungdomsskulen fram til ho vart pensjonist.

Tyldum sat i styret i Noregs Mållag frå 1959 til 1962. Som lyrikar brukte ho dialekt og nynorsk, og nynorsk var språket hennar også i det ho elles skreiv.

Tyldum gav ut to diktsamlingar på Fonna Forlag: Snø og symre i 1970 og Risen og hjarta hans i 1973. Som lyrikar skreiv ho seg som Ingri Tyldum. Ho hadde òg ein del dikt og kronikkar i avisa Valdres og i NRK Oppland. I dikta sine tok ho ofte utgangspunkt i naturfenomen og lét dei stå som symbol på det allmennmenneskelege. Men ho skreiv òg dikt med politisk snert, til dømes «elegi», der Herren seier til kvinna at ho er urein, og ho svarer: «Herre: / kven skapte meg / slik» (1973).

Som kronikør hadde Tyldum gjerne utradisjonelle standpunkt, og ho kunne stille seg opp med ein plakat og demonstrere mot nedlegging av postkontor og jernbane. Ho var ein fargerik person, både i framtoning og i meiningar. Ofte laga ho dikt festa til ein blomedekorasjon som ho gav til biblioteket, eller ho leverte ei dikthelsing til folk som ho meinte fortente det. 

Kjelder

Telefonsamtale med Ingvill Fjellstad Bø 20.6.2018
Telefonsamtale med Olav Gullik Bø 20.6.2018
Telefonsamtale med Bjørn Karsrud 20.6.2018
Telefonsamtale med Åse Kvernberg Sætre 20.6.2018
Oppland Forfatterlag: Hilsen fra Oppland. Et litterært tverrsnitt fra Bjørnson til Sandemo. Lillehammer 1991 

Peikarar

Olaf Almenningen ofl.: Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no
Veme menighetsråd: Veme kirke, Ringerike. Gjennom 100 år. 1893–1993, eige forlag. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

 

Først publisert: 27.03.2019
Sist oppdatert: 15.04.2019