Hopp til innhold
X
Innhald

Ingvill Tandstad

Ingvill Tandstad, statsvitar, journalist og programleiar. Ho var den første nynorskbrukaren som blei tilsett i NRK Østlandssendingen.

Ingvill Tandstad, statsvitar, journalist og programleiar. Ho var den første nynorskbrukaren som blei tilsett i NRK Østlandssendingen.

Ingvill Tandstad er fødd 9. mai 1976 og voks opp i Sykkylven i Møre og Romsdal. Ho var elev ved Sykkylven vidaregåande skule i 1992–95, tok grunnfag i sosialantropologi i 1998, mellomfag i religionshistorie i 2000 og studerte statsvitskap ved Universitetet i Oslo, der ho skreiv masteroppgåve med tittelen «Heilt naturleg? Ei studie av medietrening i dei politiske partia i Norge» (2005).

Ho har arbeidd som frilansskribent for både Sunnmørsposten og Sykkylvsbladet, og arbeider no som journalist og programleiar i radio og fjernsyn i NRK Østlandssendingen, der ho har vore tilsett sidan 2001.

Tandstad er ein motstraums journalist som meiner at nynorsk kunne ha vore meir synleg i riksavisene og populærkulturen, og ho har møtt ein del motbør i jobben sin. Ho har uttalt at det er konservativt, fordomsfullt og uforståeleg at journalistar ikkje får bruke målforma si, og at nynorsk burde vere ein naturleg del av språkbiletet for barn og unge også på Austlandet.

Tandstad fekk Alv Helleviks mediemålpris 2009 for den konsekvente bruken sin av nynorsk i eit mediemiljø dominert av bokmål.

Kjelder

Ingvill Tandstad, nrk.no: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_ostlandssendingen/3444566.html/ [lesedato 11.2.2018] (tilgjengeleg via Atekst) 

Pressemelding: «Målpris til Ingvill Tandstad», nm.no, publisert 21.4.2009: http://www.nm.no/tekst.cfm?id=2856 [lesedato 11.2.2018]

Peikarar

LNK-nytt: «Sommarsnakk med Ingvill Tandstad», lnk.no, publisert 3.8.2009 

«Nyhetsanker Ingvill Tandstad lot seg sjarmere ...», publisert 16.7.2015, NRK Østlandssendingen på facebook.com 

Først publisert: 15.02.2019
Sist oppdatert: 15.02.2019