Hopp til innhold
X
Innhald

Jahn Teigen

Jahn Teigen er songar, popartist og komponist. Teigen har delteke fjorten gongar i Melodi Grand Prix i Noreg og tre gongar i den internasjonale finalen. Han var vunne ei rekkje prisar.

Jahn Teigen, fødd 1949, er songar, popartist og komponist.

Teigen har vore med i fleire kjende norske band, mellom anna rockegruppa Popul Vuh (seinare Popol Ace) i perioden 1972–1976. Teigen gjorde stor suksess med rock- og gjøglargruppa Prima Vera (1976–84), saman med Herodes Falsk og Tom Mathisen.

Jahn Teigen var gift med artisten Anita Skorgan i perioden 1984-1987. Paret gjekk til topps i  den norske finalen i Melodi Grand Prix med duetten «Adieu» i 1982. Jahn Teigen har delteke i den norske finalen i Melodi Grand Prix heile fjorten gonger og tre gonger i den internasjonale finalen. I den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen i 1978 vart han legendarisk for dei 0 poenga sine med songen «Mil etter mil».

Anita Skorgan og Jahn Teigen under den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1982 med duetten «Adieu», som gjekk til topps i finalen. Foto: Bo Mathisen, kjelde: Riksarkivet på Flickr.com (arkivref.: PA-0797_U_13638_006_020). Falle i det fri / ingen kjende restriksjonar.

Anita Skorgan og Jahn Teigen under den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1982 med duetten «Adieu», som gjekk til topps i finalen. Foto: Bo Mathisen, kjelde: Riksarkivet på Flickr.com (arkivref.: PA-0797_U_13638_006_020). Falle i det fri / ingen kjende restriksjonar. 

Teigen står bak mange plateutgivingar, til dømes En dags pause (1979), Klovn uten scene (1988), Magnet (2000) og Utkledd som meg selv (2003). Han har også skrive og medverka i musikalar.

Jahn Teigen fekk heidersprisen under Spellemannprisen i 1983 og 2009. Han er utnemnd til Ridder av 1.klasse av St.Olavs orden for innsatsen som musikar og artist.

Sjå Jahn Teigen framføre «Mil etter mil»  i den norske finalen i Melodi Grand Prix:

Jahn Teigen og Anita Skorgan med «Adieu»:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.10.2013
Sist oppdatert: 25.05.2018