Hopp til innhold
Jarle Trå, foto, fritt delt for å marknadsføre forfattaren på jarletraa.no.
Jarle Trå, foto, fritt delt for å marknadsføre forfattaren på jarletraa.no.
X
Innhald

Jarle Trå

Jarle Trå, fjellklatrar og turoperatør. I 2009 overlevde han to døgn nær toppen av Mount Everest, utan å kome opp på sjølve toppunktet.

Jarle Trå er fødd på Voss 25. mars 1970 og voks opp i Granvin. Han gjekk ut frå Vatles handelsskule på Voss i 1990 og var utvekslingsstudent ved Farmington High School i Arkansas, USA, 1987–88. Han arbeidde deretter nokre år ved ulike daglegvarebutikkar, før han var butikksjef ved RIMI på Voss 1996–2002. Frå 2003 til 2007 arbeidde han for sikringsselskapet Aak. I 2005 grunnla han firmaet Jarle Trå, der han har arbeidd på heiltid sidan 2007. Firmaet arrangerer turar til reisemål i utlandet.
Han har vore på fleire lange turar. I 1994 gjekk han Noreg på langs, frå Lindesnes til Nordkapp. Han har gått på ski over Grønland, og han har vore på fleire toppar i Alpane, mellom anna Mount Blanc.
Trå har vore på to toppar over 8000 moh., Shisha Pangma (8013 moh.), der han var første nordmann på toppen, og Cho Oyu (8201 moh.). På begge desse ekspedisjonane klatra han åleine, utan tilførsel av ekstra oksygen. Han har hatt to ekspedisjonar til Mount Everest (8848 moh.), i 2005 og 2009, utan å nå toppen. I 2009 kom han til rundt 8800 moh., men snudde, sterkt plaga av høgdesjuke.
I 2010 gav han ut Livet i fjella, som handlar om turar og ekspedisjonar i inn- og utland.
Kjelder
Samtale med Jarle Trå 23.11.2010
Jarle Trå: Livet i fjella. Bergen 2010
Nettstaden til Jarle Trå, http://www.jarletraa.no/ [lesedato 22.11.2010]

Først publisert: 25.08.2011
Sist oppdatert: 30.04.2013