Hopp til innhold
X
Innhald

Jo Giæver Tenfjord

Jo Giæver Tenfjord, 1918–2007, var forfattar, omsetjar og kritikar. Ho debuterte under psevdonymet Guri Glad med Valsesommer i 1941. Ho var særleg verksam i barnelitteraturen. Tenfjord gav mellom anna ut Barn og lesning i 1947, UNICEF, et moderne trylleord i 1956, Tam-tam-trommelom og andre afrikanske eventyr i 1968, Regnbuebroen i 1982 og Sistemann støtt i 1987. Tenfjord var formann i Kringkastingsrådet i perioden 1973–81.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013