Hopp til innhold
X
Innhald

Jo Turtumøygard

Jo Turtumøygard, lærar, dialektforskar og kulturarbeidar. Han la ned eit stort arbeid for bygdesamfunnet i Lom.

Jo Turtumøygard var fødd i Lom 18. mars 1898 og døydde 5. januar 1984. Han kom frå ein folkeopplysningsheim, og både han og broren Oluf vart lærarar.
 
Etter framhaldsskulen gjekk Turtumøygard Dovre folkehøgskule og Gudbrandsdals fylkesskule, før han tok lærareksamen på Hamar i 1925. Han var lærar på Dombås, i Skjåk og lengste tida i Lom. Frå 1934 til 1961 var han lærar ved Nordre Lia skule, i 1961–65 var han skulestyrar ved Loar skule.
 
Han var hendt til mangt, han laga både båtar og langeleikar. Liksom broren Oluf dreiv han med kunstmåling, skreiv i Årbok for Gudbrandsdalen og var ivrig målmann. Han samla dialektord og leverte materiale til Norsk Ordbok.
 
Turtumøygard var ein nær ven av Tor Jonsson og sytte for at Tor Jonsson-stova vart sett i stand. Han var formann i heimbygdslaget til han døydde og la ned mykje arbeid i bygdemuseet i Presthaugen. Nokre år var han formann i Lom kooperative handelslag. Han sat også nokre år i skulestyret. Dei siste leveåra var han oppteken av å skrive bidrag til skulehistoria for Nord-Gudbrandsdalen, eit arbeid som vart administrert av distriktshøgskulen på Lillehammer.
 
Han skreiv i mange år dikt, og 72 år gamal gav han hausten 1970 ut diktsamlinga Jøkulen græt. Han var den eldste debutanten den hausten. I 1983 fekk Turtumøygard tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for livsverket sitt.
 
Kjelder
Pål Aukrust: «Jo Turtumøygard», Årbok for Gudbrandsdalen 1984
Arne Espeland (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1934

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 07.09.2012