Hopp til innhold
Foto: Reidar Storaas' private fotosamling, Lokalhistoriewiki.no CC BY 2.0
Foto: Reidar Storaas' private fotosamling, Lokalhistoriewiki.no CC BY 2.0
X
Innhald

Johan Tufteland

Johan Tufteland var fiskar, lærar og forfattar og hadde ein mangesidig litterær produksjon bak seg.

Johan Tufteland var fødd i Austevoll 28. mai 1913 og døydde i Kvam i Hardanger 25. februar 1998. Han var utdanna adjunkt med lærarskule frå Stord i 1942, norsk grunnfag ved Noregs Lærarhøgskole (seinare NTNU) i Trondheim i 1950, sløyd- og teiknelærarskulen på Notodden i 1952 og engelsks grunnfag ved Universitetet i Oslo i 1958. Han arbeidde som lærar i Austevoll, i Bergen, på Kvitsøy og i Norheimsund. Etter at han slutta som lærar, var han tilsett som kulturmedarbeidar i Kvam herad.
Tufteland debuterte i 1944 med biografien Nils Djupevåg. På fiske i 70 år. I 1965 gav han ut den første diktsamlinga si, Eit anna hav, og i 1966 og 1970 følgde samlingane Blå berg og I skuggen av ljoset. I 1967 kom den kulturhistoriske romanen Hollendaren.
Han gjendikta delar av Emily Dickinsons lyrikk og salmar av Nikolai Grundtvig og andre salmediktarar. Fleire av salmane er med i Norsk Salmebok frå 1985.
Frå 1978 til 1991 gav Tufteland ut fire gards- og ættesoger for Austevoll kommune, og i 1975 skreiv han eit større verk om handelsstaden Kvalvåg i Austevoll.
I samband med hundreårsdagen for Tuftelands fødsel gav familien ut ei minneutgåve med tittelen Johan Tufteland. Dikt og prosa i utval. Boka er redigert av professor Idar Stegane ved Universitetet i Bergen og tidlegare kulturjournalist i Bergens Tidende, Reidar Storaas.
Det omreisande musikalske dramaet Eit anna hav, som Sogn og Fjordane Teater sette opp i 2000, og som bygde på Tuftelands dikt og historiske framstilling av den risikofylte brugdefangsten frå omkring 1770 til 1850, vart sett opp på nytt i privat regi i 2013. Sonen Jan Tufteland originalkomponerte musikken til dramaet.
Johan Tufteland fekk tildelt kulturprisen for Kvam i 1985 og for Austevoll i 1988.
Kjelder
Samtale med Jan Tufteland, november 2013
Samtale med Reidar Storaas, august 2013
Ragnvald Skrede: «Litt av ein sensasjon i nynorsk lyrikk», Dagbladet 1965
Idar Stegane og Reidar Storaas: Johan Tufteland. Dikt og prosa i utval. Bergen 2013
Reidar Storaas: «Ein diktar frå havet i vest», Bergens Tidende, februar 1998
Svein Ellingsen: Med hyllings ljod. Salmar frå andre land og kyrkjer i nynorsk omsetjing (antologi). Oslo 1966. Innleiinga finn ein her: http://www.nynorsklaget.no/default.asp?meny=5&id=451 [lesedato 10.8.2013]

Først publisert: 03.04.2014
Sist oppdatert: 19.04.2018