Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Thrap-Meyer

Johannes Thrap-Meyer, 1898–1929, var forfattar. Han teikna psykologisk skarpe skildringar av einsemd, av spenningsforholdet mellom kjønna og undergangen til menneske og miljø. Thrap-Meyer gav ut novellesamlingane Tusmørke, som var debuten i 1924, Ekstaser i 1925 og romanen Egoister i 1927. Dei to hovudverka Anakreons død frå 1928 og Over rimet vold frå 1929, som aldri vart fullført.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013