Hopp til innhold
X
Innhald

Jørgen Tjønnstaul

Jørgen Tjønnstaul, 1894–1985, var meisterspelemann og forteljar. Tjønnstaul kom frå Kviteseid i Telemark. Han var oldebarn av eventyrforteljaren og kvedaren Anne Golid og son av spelemannen og forteljaren Olav Tjønnstaul. Jørgen Tjønnstaul førte vidare gammal tradisjon på ein framifrå måte, og han fantaserte og improviserte fritt. Tjønnstaul vart ei legende før han døydde.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 10.01.2014