Hopp til innhold
X
Innhald

Jørund Telnes

Jørund (Jørgen) Telnes var bonde, norskdomsmann og diktar. Sjølv om han var mest aktiv lokalt, hadde han lesarar over heile landet.

Telnes var fødd 10. januar 1845 (ikkje 20. januar, slik det står i nokre kjelder) i Seljord og døydde same staden 3. februar 1892. Han var ein markant lokalpolitikar i Seljord, der han sat som ordførar i fire periodar mellom 1878 og 1888, då han sa frå seg attval. I 1886 vart han ein av dei første ordførarane i landet som førte møteboka på landsmål. Både i politikken og elles var han ein bondeven og tok fleire gonger til motmæle mot lokale embetsmenn.
 
Telnes gav ut fleire diktsamlingar, og dikta hans vart etter kvart lesne over heile landet. Det er sett tone til fleire av dikta, og mest brukt som allsong var truleg «Skilauparvisa» (1890), med opningslinene «Naar som Noreg i Sylvkaapa glimer, daa paa Føtane spenner me ski». Diktinga hans er sterkt knytt til Seljord. Fleire av bøkene hans er forteljande diktsyklusar som hentar stoffet frå lokale soger og segner.
 
Nært forhold til folkehøgskulen
Telnes var odelsgut og visste frå ung alder at han skulle ta over garden. Han søkte seg likevel ut, og gjekk lærarskulen i Kviteseid. Etter å ha arbeidd nokre år som lærar i heimbygda gjekk han eitt år ved folkehøgskulen til Christopher Bruun i Gudbrandsdalen. Dette året sette store merke, først og fremst gjennom samtalane med Bruun og Kristofer Janson, og Telnes talte varmt om dette skuleslaget resten av livet. Han såg med glede på at det kom ein folkehøgskule i Seljord tidleg i 1870-åra, og han var seinare aktiv i miljøet rundt denne folkehøgskulen.
 
Frå 1880 styrte Viggo Ullmann denne folkehøgskulen, og Telnes var ofte usamd i måten den smått aristokratiske Ullmann dreiv skulen på. Han meinte at Ullmann var for påverka av fritenking og europeisk kultur, og det vart fleire kvasse ordskifte om dette, også i blad og aviser. I kommunestyret røysta han mot å gi tilskot til folkehøgskulen, noko han fekk mykje kritikk for. I lokalpolitikken var han aldri redd for å seie meininga si, sjølv om dette kunne føre han på kant med dei mektigaste i lokalsamfunnet.
 
Eiga dikting
Telnes tok tidleg til å skrive dialektnært landsmål. Då Hans Ross redigerte Norske Viser og Stev i 1969, tok han med to dikt av Telnes, «Sveinkallen» og «Møykjeringi». Ross var òg ein god medhjelpar før debutboka til Telnes, diktsyklusen Sterkenils, kom i 1877. Boka er eit forteljande diktverk, som på mange måtar er i slekt med A.O. Vinjes Storegut, som kom elleve år tidlegare. Emnevalet og utforminga er nokolunde det same i dei to bøkene, som begge hentar stofftilfang frå lokale soger.
 
I åra fram til 1880 kom det tre nye bøker frå Telnes. I Kvæe (1878) har broren Sigurd Sundbø frå Nes skrive rundt ein femtedel av dikta, medan Telnes i Rupe-Ber (1878) også har med prosatekstar. I 1880 kom Guro Heddelid, som oftast vert rekna for å vere den beste boka hans. Til liks med Sterkenils er stoffet henta frå ei lokal segn, og det er ein forteljande diktsyklus, men Telnes fyller her ut med prosatekstar.
 
Telnes skreiv òg mykje i ulike blad, mest i Varden og Fedraheimen. Dette var gjerne sterkt agitatoriske tekstar, der han kritiserte dei lokale autoritetane og talte varmt om at bøndene måtte røyste på sine eigne.
 
Telnes skreiv ei blanding av dialekt og landsmål. Bøkene hans kom ut på ulike forlag, slik at rettskrivinga varierer frå verk til verk. Då Rikard Berge redigerte Skrifter, som kom i to band i 1925, var dialekttekstane samla i det eine bandet, medan tekstane på landsmål var i det andre. Her er det òg teke med nokre tidlegare uprenta arbeid.
 
Ei strid personleg tid
I 1880-åra kom det få nye bøker frå Telnes. Det var nok fleire grunnar til det. I tillegg til å drive gard var han ordførar i Seljord. Like viktig var det truleg at det var ei strid tid i familien. Mellom 1880 og 1887 miste han fire born, og alle desse var under tre år gamle. I 1888 døydde òg kona hans. Han gifta seg opp att i 1889, men skal ha vore sterkt prega av desse dødsfalla resten av livet. Han vart meir religiøs, og då han igjen tok til å dikte, skreiv han fleire salmar.
 
Telnes døydde i 1892, berre 47 år gamal. Bygdefolket reiste ein minnestein på grava hans, med teksten «Han arbeidde meir for folk og fedreland enn for seg sjølv.»
 
Kjelder
Tov Flatin: Seljord, bd. 1. Seljord 1942
Eirik Helleve: «Jørund Telnes» , Norsk biografisk leksikon, bd. 9. Oslo 2005
Olav Midttun: «Jørund Telnes», Norsk biografisk leksikon, bd. 16. Oslo 1969
 
Peikar
Jørund Telnes i Nettbiblioteket til Ivar Aasen-tunet

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 30.04.2013