Hopp til innhold
X
Innhald

Joseph John Thomson

Sir Joseph John Thomson, 1856–1940, var britisk fysikar. Frå 1880 utførte han eksperiment som blei grunnleggjande for moderne atomfysikk. I 1897 oppdaga han at katodestrålar består av ladde partiklar som han kalla korpusklar (seinare viste dei seg å vere identiske med atoma sine elektron), og han bestemte forholdet mellom ladningen og massen deira.
 
Thomson fekk nobelprisen i fysikk i 1906 for teoretiske og eksperimentelle undersøkingar av elektrisk ladning i gassar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2011
Sist oppdatert: 14.12.2011