Hopp til innhold
X
Innhald

Joseph Pitton de Tournefort

Joseph Pitton de Tournefort, 1656–1708, var fransk botanikar og lege. Tournefort skildra ei mengd nye artar på dei mange reisene han gjorde i Sør-Europa og Vesleasia, men er mest kjend for prinsippet med å ordne artar i slekter, eit plantesystem som rådde fram til Linné sitt system tok over.
Verket Éléments de botanique (3 bind, 1694), latinsk omsetjing Institutiones rei herbariae (3 bind, 1700), er ein milepæl i historia til den systematiske botanikken.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2013
Sist oppdatert: 28.11.2013