Hopp til innhold
X
Innhald

J.R.R. Tolkien

John Ronald Reuel Tolkien [tålkin], 1892–1973, var britisk forfattar og språkforskar. Han er mest kjent for trilogien The Lord of the Rings.

J.R.R. Tolkien er mest kjend for romanane som er baserte på den private og mystiske verda han skapte med klare referansar til nordisk og keltisk mytologi – mellom anna The Hobbit (1937) og trilogien The Lord of the Rings (1954–55), som har oppnådd kultstatus. 

Filmatiseringane ved regissøren Peter Jackson har ført mange til The Lord of the Rings og The Hobbit. Bøkene er omsette til norsk, og både The Lord of the Rings og The Hobbit er omsett til begge målformene. Tittelen The Lord of the Rings er omsett til Ringdrotten på nynorsk og Ringenes herre på bokmål, og The Hobbit til Hobbiten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.02.2017
Sist oppdatert: 19.09.2018