Hopp til innhold
X
Innhald

Kjersti Toppe

Kjersti Toppe, lege og stortingsrepresentant for Senterpartiet. Som helsepolitikar har ho profilert seg som ein politikar som vil nytte lovverket til å betre folkehelsa.

Kjersti Toppe er fødd 20. oktober 1967 i Åsane i Bergen. Etter å ha fullført Åsane gymnas i 1986 utdanna ho seg til lege ved Universitetet i Bergen (1992). Ho har vore kommunelege i Bremanger (1996–97) og i Bergen (1999–2002).

Toppe var medlem av Bergen bystyre for Senterpartiet i frå 2003 til 2009. I 2007–09 var ho òg medlem av fylkestinget i Hordaland. Sidan 2009 har ho representert Senterpartiet på Stortinget, der ho heilt frå byrjinga har vore første nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen.

Som helsepolitikar har Toppe vore kontroversiell fordi ho har ønskt å nytte lovverket til å betre folkehelsa i større grad enn slik lovverket blir nytta i dag. Ho har mellom anna foreslått å forby solarium for ungdomar, alkoholservering etter kl. 02.00, treliterskartongar med vin og snus på skular.

Toppe har markert seg som motstandar av å organisere spesialisthelsetenesta som helseføretak, og ho vil at sjukehusa skal styrast av dei folkevalde. Den tidlegare kommunelegen har òg engasjert seg for at legane skal ha meir tid til pasientane og bruke mindre tid til byråkratiarbeid.

Toppe er nynorskbrukar.

Kjelder

Kjersti Toppe, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/R... [lesedato 21.8.2018]
Anders Haga: «– Jeg er kjent for å forby en del ting», Bergens Tidende 7.4.2013, bt.no: https://www.bt.no/nyheter/innenriks/i/4bkyE/--Jeg-er-kjent-for-a-forby-en-del-ting [lesedato 21.8.2018] 

 

Først publisert: 27.03.2019
Sist oppdatert: 28.03.2019