Faktaboks

Knut Erik Tranøy
Fødd
10. desember 1918, Oslo
Død
19. mars 2012, Bærum
Verke
Filosof
Familie

Foreldre: Lektor Betuel Sofus Tranøy (1886–1960) og lærar Margreta Jørgensdatter Mæland (1886–1963).

Gift 1) 1948 med Katherine Gene Wilkins (f. 5.7.1926), dotter av dr. E. Wilkins, North Carolina, ekteskapet oppløyst 1955; 2) 1959 med cand.mag. Eva Bøyesen f. Lossius (1921–2015), dotter av marinekaptein Anton Eberg Lossius (1888–1961) og Ingrid Kristine Ohlsen (1886–1972).

Knut Erik Tranøy, 2002
Knut Erik Tranøy gjorde eit pionerarbeid når det galdt etableringa av moderne medisinsk etikk i Noreg. I 2002 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Knut Erik Tranøy, 2002
Av /NTB/Aftenposten.

Knut Erik Tranøy var ein norsk filosof som arbeidde særleg med etikk, mellomalderfilosofi og vitskapsfilosofi. Tranøy gjorde eit pionerarbeid for etableringa av moderne medisinsk etikk i Noreg.

Han var professor i filosofi ved Universitetet i Bergen (UiB) i 19 år og deretter professor ved Universitetet i Oslo (UiO) frå 1978 til 1986. Etter dette kom tre år som seniorstipendiat og fungerande professor i medisinsk etikk ved Det medisinske fakultetet ved UiO, der han fekk oppretta Senter for medisinsk etikk i 1987.

Bakgrunn

Knut Erik Tranøy var fødd i Kristiania (no Oslo). Han tok examen artium i 1937 og vart cand.mag. frå Universitetet i Oslo i 1943 med faga engelsk, historie og norsk. I november 1943 vart han saman med nærare 700 andre mannlege studentar arrestert og seinare send til konsentrasjonsleiren Buchenwald. I sluttfasen av krigen blei han frigjord av Bernadotte-aksjonens «kvite bussar».

Etter andre verdskrigen var Tranøy formann i Studentenes fellesutvalg ved UiO i 1945–1946 og drog deretter til USA, der han var attaché ved den norske ambassaden i Washington i 1946–1947. Han vart interessert i filosofi og tok i 1948 Master of Arts-graden ved University of North Carolina i USA. Avhandlinga omhandla det etiske grunnlaget for fredssaka.

Etter eitt år ved Carnegie Endowment for International Peace i Paris heldt han fram filosofistudia sine i Cambridge i Storbritannia, der han i 1953 tok doktorgraden på ei avhandling om logikken i normative system.

I studietida i Cambridge budde han ei tid i same hus som den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein, hos den finlandssvensken filosofen Georg Henrik von Wright, som i 1948 hadde etterfølgt Wittgenstein som professor der.

Tranøy var professor i filosofi ved Universitetet i Bergen frå 1959 og ved Universitetet i Oslo frå 1978. Før dette var han dekanus ved historisk-filosofisk fakultetet ved Universitetet i Bergen i 1971–1973, og seinare prorektor ved Universitetet i Oslo i 1981–1984.

Filosofi

Von Wright hadde ifølgje Tranøy «betydd meir for meg enn nokon annan filosof». Tranøys doktoravhandling er inspirert av von Wright sin banebrytande artikkel «Deontic Logic» i tidsskriftet Mind frå 1951.

Tittelen på avhandlinga speglar Tranøy si hovudinteresse gjennom heile hans lange forskarliv: normative problem, ikkje berre i etikk, men også på andre område, til dømes dei normene som bør styre vitskapleg verksemd. Han var også oppteken av etikk og logikk, det vil seie den tankemessige samanhengen mellom dei ulike normene, deira kompatibelitet med kvarandre og grunngivinga deira. Tranøy argumenterte for at det normative ikkje er eit spørsmål om smak og behag, men kan underbyggjast ved rasjonelle argument.

Dette var ikkje eit vanleg syn i tida då Tranøy skreiv avhandlinga si, då både logiske empiristar og eksistensialistar forkasta moglegheita av argument og rasjonalitet i etikken. Tranøy brukte dei første 60 sidene av avhandlinga til å imøtegå denne kritikken av etikken.

Tranøy oppdaga seinare at Thomas Aquinas hadde eit liknande syn på etikk, og frå 1953 til 1963 vigde han det meste av tida si til mellomalderfilosofi. Han skreiv to bøker om Aquinas; Thomas Aquino som moralfilosof (1957) og Thomas Aquinas. Om loven, Guds attributter, tro og viten, og kjønnslivet i paradiset (1967). Tranøy skreiv også Aquinas-kapittelet i D. J. O'Connors kjende bok A Critical History of Western Philosophy (1964).

Verv og utmerkingar

Tranøy var dekanus ved Det historisk-filosofiske fakultet ved UiB i 1971–1973, prorektor ved UiO i 1981–1984 og medlem av ei rekkje komitear for forskingsspørsmål og medisinsk etikk. Han har også vore gjesteprofessor ved fleire utanlandske universitet.

Tranøy var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1979 og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1979. I 2002 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Utgjevingar

Tranøy har skrive og redigert fleire bøker, mellom anna Filosofi i vår tid (1968, saman med Jon Hellesnes), Vilkårslogikk (lærebok, 1970), Filosofi og vitenskap i middelalderen (1983), Vitenskapen – samfunnsmakt og livsform (1986) og Medisinsk etikk i vår tid (1991). Fleire av artiklane hans er samla i The Moral Import of Science (1998).

I Det åpne sinn. Moral og etikk mot et nytt årtusen (1998), vende Tranøy tilbake til temaa i doktoravhandlinga, og legg der fram eit syn på grunngiving i etikken der dei etiske intuisjonane våre er grunnleggjande.

Saman med Michael Sars gav han i 1946 ut boka Tysklandsstudentene om studentdeportasjonen i 1943.

I 2001 skreiv han det sjølvbiografiske essayet Forsøk på å leve livet baklengs i Samtiden.

Tranøy var fagkonsulent for filosofi i Gyldendals konversasjonsleksikon frå 1965 til 1972 og i dei to første utgåvene av Aschehoug og Gyldendals Store norske leksikon (1975–1989).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hall Bjørnstad: «Sokratisk pessimisme». I Tankebaner. 15 samtaler om det å filosofere i 90-årene. Oslo 1995
  • Andrew J. I. Jones (red.): Knut Erik Tranøy. The Moral Import of Science. Søreidgrend 1988
  • Tryggve Juul Møller mfl. (red.): Studentene fra 1937. Oslo 1962

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg