Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Martin Teigen

Knut Martin Teigen, norskamerikansk lege og forfattar. Han er truleg den einaste innfødde amerikanaren som var aktiv i målsaka og publiserte fleire tekstar på nynorsk.

Knut Martin Teigen var fødd i Koshkonong, Wisconsin i 1854 og døydde i 1914. Han hadde norske foreldre. Faren kom frå Sogn, mora frå Numedal. Teigen studerte språk og matematikk ved University of Wisconsin og teologi ved Luther Seminary i Madison. I 1882 tok han eksamen i medisin ved New York University. I tolv år praktiserte han som lege i Nord-Dakota, der han òg var sterkt engasjert i Independent Party.

Teigen er truleg den einaste andregenerasjons-immigranten som skreiv på nynorsk og arbeidde for å spreie kjennskap til målet i Amerika. Bøkene hans, Ligt og uligt. Vers, humoresker og smaaskildringer blant de norske i Amerika (1899) og Vesterlandske digte (1905) inneheld fleire dikt på nynorsk og dialekt. Teigen sat òg i skriftstyret i nynorskbladet Norrøna (1900–01) og bidrog sjølv der. I Norrøna publiserte han artiklar om målsaka, nokre noveller og dikt, og han redigerte humorspalta.

Kjelder

Arne Sunde: «A Minority within a Minority: The Promotion of Nynorsk in the United States, 1900–1920», i Odd Lovoll (red.): Norwegian-American Studies, Volume 34. The Norwegian-American Association Northfield, Minnesota 1995

Orm Øverland: The Western Home. A Literary History of Norwegian America. The Norwegian-American Historical Association. Northfield, Minnesota 1996

Peikarar

Knut Martin Teigen: Blandt vestens vikinger. Skisser, eventyr og humoresker fra livet blandt nordmænd i Amerika. Kriedts Forlag, Minneapolis 1907. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Knut Martin Teigen: Ligt og Uligt. Skisser, humoresker, eventyr og pennebilleder fra livet blandt Vestens Vikinger. 2. utgåva. Kriedts Forlag, Minneapolis 1907. Tilgjengeleg i HathiTrust Digital Library, hathitrust.org

Først publisert: 02.05.2018
Sist oppdatert: 02.05.2018