Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Anders Tomter

Lars Anders Tomter, fødd 1959, er bratsjist. Han debuterte i 1978 og vann 1. pris i Lille i Frankrike i 1986. Tomter leier kammerorkesteret De unge strykere, og han er dessutan grunnleggjar og kunstnarisk leiar for Risør-festivalen. Tomter har hatt mange konsertar i utlandet. I dag er han professor ved Noregs musikkhøgskule.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.10.2013
Sist oppdatert: 28.10.2013