Hopp til innhold

Lars Tvinde

Lars Tvinde, tydeleg og allsidig skodespelar som 2. januar 1913 hadde opningsreplikken i Ervingen av Ivar Aasen, det aller første stykket som vart oppført av Det Norske Teatret.

Lars Tvinde var fødd på Voss 11. september 1886 og døydde i Oslo 25. juni 1973. Han gjekk to år på Voss folkehøgskule, 1902–03 og 1904–05, og arbeidde deretter åtte år for onkelen sin, som dreiv butikk på Vossevangen.
Tvinde var med i spellaget til Voss ungdomslag, som hadde framsyningar fleire stader på Vestlandet. I 1910 fekk spellaget andrepremie i ein konkurranse for amatørteater i Bergen, og premien var at dei fekk framføre teaterstykke i Kristiania. Hausten 1912 inviterte teatersjef Rasmus Rasmussen ved Det Norske Teatret fleire av skodespelarane i Voss spellag til prøvespeling i Kristiania. Tvinde var ein av to som prøvde seg, og han vart tilsett ved teatret. Der vart han verande resten av yrkeskarrieren sin. Dei to første åra var han òg maskinmeister.
Tvinde meistra fleire sjangrar. Den første tida ved Det Norske Teatret spela han mest i enkle folkekomediar, men han fekk etter kvart prøve seg i meir seriøse stykke. Ein av dei største prestasjonane hans var tolkinga av Didrik Dale i dramatiseringa av Olav Duuns Medmenneske i 1937. Stykket vart sett opp att i 1939 og 1953, begge gongene med Tvinde i rolla som Didrik Dale.
Då Norsk Kritikarlag i 1939 delte ut Kritikarprisen første gongen, gjekk prisen til Tvinde for rolla som Dale. Tvinde hadde statens kunstnarløn frå 1955, og i 1964 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden. I 2002 gav Posten ut eit frimerke med bilete av Lars Tvinde.
Kjelder
Svein Erik Brodal: «Lars Tvinde», Norsk biografisk leksikon, bd. IX. Oslo 2005
Oskar Braaten (red.): Det Norske Teatret. Dei fyrste femogtjuge åra. 1913–1938. Oslo 1938
Olav Dalgard: Lars Tvinde. Oslo 1966
Nils Sletbak: Det Norske Teatret. Femti år. 1913–1963. Oslo 1963

Først publisert: 06.04.2012
Sist oppdatert: 06.04.2012