Hopp til innhold
X
Innhald

Lasse Trædal

Lasse Trædal, politikar, skulemann og gardbrukar.

Trædal var fødd i Lavik i Sogn 20. desember 1857 og døydde 14. oktober 1924.
 
Han var stortingsrepresentant (V) 1900–03 og 1910–18 og var også elles ein svært profilert venstremann både i heimfylket og på Stortinget. I tillegg til å vere aktiv målmann var han ein sentral aktør i skyttarlagsrørsla i 1880-åra.
 
Trædal gjorde inntrykk både som avisskribent og folketalar.

Dreiv vinteren 1878-1879 ungdomsskule i Brekke, og starta i 1879 folkehøgskule i Drangedal. Var svært aktiv som polititisk agitator, og ein av dei første som arrangerte store politiske folkemøte i Sogn og Fjordane.

Stod sentralt i organisering av skyttarlag i fylket, og tok initiativet til skiping av Firda og Sygnafylkets Folkevæpningssamlag i 1882. Laget vart det største i landet.

Frå 1883 til 1891 arbeidde han som folkehøgskulestyrar fleire stader. Var med på å skipe Venstre i 1884. Medlem av kommunestyret i Lavik frå 1894 og ordførar 1905-1913. Stortingsmann 1900-1903, 1906-1908, 1913-1915 og 1916-1918.

Ivra sterkt for ei vestlandsk «stamjernbane» som i Sogn og Fjordane i grove trekk skulle fylgje den lina som E39 fylgjer idag, også kalla Trædals-lina.

Engasjerte seg også sterkt i riksdebatten om konsesjonslovene for fossekrafta på grunneigarane si side. Han gjorde framlegg i Stortinget for å hindre at nordmenn kjøpte fallrettar som stråmenn for utlendingar.

 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Anders A. Lothe: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø 1950

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 31.07.2018