Hopp til innhold
Foto: Ivar Aasen-tuent
Foto: Ivar Aasen-tuent
X
Innhald

Marie Takvam

Marie Takvam, forfattar av mellom anna dikt, romanar og skodespel. Ho kombinerte ei kroppsleg og kritisk kvinnerøyst med ei usentimental tematisering av både sorg og glede.

Marie Takvam var fødd i 12. mai 1926 i Hjørundfjorden i Ørsta kommune og døydde i Oslo 28. januar 2008. Ho tok examen artium ved Nordfjordeid gymnas i 1945. Året etter flytta ho til Oslo. Der studerte ho psykologi, men måtte bryte av studiane i 1952, då ho saman med den dåverande ektemannen, Johannes Takvam, fekk sonen Magnus.

Johannes og Marie Takvam, 1965. Foto: Rigmor Dahl Delphin, kjelde: Oslo Museum på digitaltmuseum.no CC BY-SA 4.0 (biletnr. OB.RD4279a).

Johannes og Marie Takvam, 1965. Foto: Rigmor Dahl Delphin, kjelde: Oslo Museum på digitaltmuseum.no CC BY-SA 4.0 (biletnr. OB.RD4279a).

I 1952 debuterte Takvam med diktsamlinga Dåp under sju stjerner. Dei elleve diktsamlingane hennar varierer i forma, frå det prosaiske til det meir eksperimenterande. Dei går inn i ein karnevalistisk og vitalistisk nynorsktradisjon, og dei har eit sterk kroppsleg preg. Dikta krinsar ofte tematisk om kjønnsroller, kjærleik, sorg, død og ulike livsfasar. Ho skreiv òg to romanar, der Dansaren (1975) er den mest kjende.

I 1950- og 60-åra tok ho ofte del i den offentlege kulturdebatten, forfatta eit høyrespel og ei barnebok og var ei populær radiostemme i Barnetimen. I 1966 kom skodespelet Idun, om ekteskapet som institusjon.

Merksemd fekk Takvam òg som skodespelar, mest for rolla i Vibeke Løkkebergs Åpenbaringen (1977), som skapte debatt i avisene om den synleg avkledde bakdelen hennar.

Takvam gav ut den siste diktsamlinga si, Rognebær, i 1990 og vart i 2003 heidra som festspeldiktar under Dei nynorske festspela.

Emma talar til hunden sin
(Inspirert av livet og Francois Villon)


Sjå kor livet har fare åt med meg!
Desse skinnfillene var eingong faste, små bryst!
Det var før tida saug deim ut
og tømde deim for alltid.

Sjå desse hoftene, kor beingrinda lyser igjennom deim!
Sjå furene i ansiktet, pløgde for sløvsinns tårer!
Meg som dei kalla Vakre Emma!
Håret mitt hadde ein gong glans av gull og bronse.
Her på kammen ligg det att i store, bleike tustar.
Det vil nok ikkje stå som ein brusande kvit glorie
rundt hovudet mitt, slik som andre kvinners hår!
      Eg har elska mykje.

Utdrag frå diktet «Emma talar til hunden sin» av Marie Takvam: Merke etter liv. Gyldendal 1962. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Eit liv i tekst

Takvam er av fleire karakterisert som ein nyenkel diktar, på linje med Magli Elster. Ho brukte frie rytmar og skreiv ekspressivt og allegorisk, med verdsrommet som symbolsk klangbotn og med jord og blod som motiv. Ho vert ikkje sett på som ein reinskoren modernist, sjølv om ho i ei midtfase av forfattarskapen eksperimenterte meir med form og syntaks, særleg i samlinga Brød og tran (1969). Ho var påverka av sentrale, kvinnelege nynorskdiktarar, og vitalisten Aslaug Vaa var ei viktig inspirasjonskjelde.

Det har vore vanleg å leggje vekt på Takvams liv og hennar impulsive levemåte ved vurderinga av dikta. Ho tok utgangspunkt i sin eigen kropp og eigne sanseinntrykk når ho skreiv. Samstundes har diktinga fleire nivå og kan ikkje berre lesast biografisk, politisk eller feministisk.

Takvam, Marie_Fotokreditering-Gyldendal.jpg?w=600
Marie Takvam. Nytta etter avtale med Gyldendal.

Vitalisme og karnevalisme

Takvam skreiv seg inn i og vidareutvikla ein allereie eksisterande nynorsk vitalismetradisjon, der erfaringa og opphøginga av ei slags urkraft, kroppsleg instinkt og intuisjon står i motsetnad til rasjonalitet, intellekt og modernitet. Litterært sett plasserte Takvam seg slik tett opp mot den kanskje viktigaste forløparen og representanten for vitalismen, landsmålsdiktaren Kristofer Uppdal (1878–1961).

I mange av dikta hennar kjem det òg til syne ei trassig livskraft og eit livsnytande, erotisk subjekt som snur opp ned på religiøse ritual på ein karnevalistisk måte. Inger Hagerup samanlikna den «blodfriske» poetiske uttrykksforma hennar med dikta til Halldis Moren Vesaas.

Takvam var tidleg ute med å gjere kvinnekroppen til eit sanningssøkjande omdreiingspunkt for diktargjerninga. Samstundes var kroppen motiv og metafor for opplevinga av samfunnet, naturen, seksualiteten og universet.

Ein feministisk diktar

Dei fleste av dei elleve diktsamlingane til Takvam kombinerte eit veksande internasjonalt sosialt engasjement, ei feministisk innstilling til samlivet mellom kvinner og menn og ei stadig interesse for det menneskeleg nære. Ein kan seie at Takvam i dikta skreiv fram og synleggjorde ei uløyseleg kopling mellom subjektet sine erfaringar og den offentlege sfæren, ei kopling som gjorde det personlege universelt.

Døden og kjærleiken er velkjende lyriske tema hos Takvam. Ekteskapet og kvinna si rolle i samfunnet generelt – og i drabantbyen spesielt – fekk òg stor plass. Likevel var det ikkje byen i seg sjølv som var framandgjerande for henne, men dei spesifikke forventningane til kvinnelege kjønnsroller i byen.

I Takvams første roman, Dansaren (1975), ser vi ei utviding av alle desse temaa og ei problematisering av tradisjonelle verdiar. Romanen peikar på skeive strukturar i samfunnet på ein nyansert, men samstundes direkte og naturalistisk måte. Den tydeleg bifile Fredrik er i eit forhold med ei heterofil kvinne, der han vert skildra som den mest feminine av dei to. Historia problematiserer møtet mellom uortodokse samlivsformer og samfunnet sine kjønnsnormer, og ho endar tragisk.

Kjelder

Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie. Oslo 2001

Ragnhild Bugge: «Fra tradisjon til modernisme. Lyrikk 1945–1965», i Irene Engelstad, ofl. (red.): Norsk kvinnelitteraturhistore, bd. 3, 1940–1980. Oslo 1990

Cecilie N. Seiness: «Marie Takvam. Med merke etter liv», i Cecilie N. Seiness: Livsmot. Oslo 2001

Jan Inge Sørbø: Frå gamle fjell til magma. Linjer i nynorsk lyrikk. Oslo 2004

Karin Beate Vold: «'For fred og demokrati' – litterære kvinner i 1940- og 50-årene», i Irene Engelstad, ofl. (red.): Norsk kvinnelitteraturhistore, bd. 3, 1940–1980. Oslo 1990

Janneken Øverland: «Den vanskelige kjærligheten. Marie Takvams bok Dansaren», i Irene Engelstad og Janneken Øverland: Frihet til å skrive. Artikler om kvinnelitteratur fra Amalie Skram til Cecilie Løveid. Oslo 1981

Mona Fåberg Moldung: «Dansande skrift i sollys?» Marie Takvams lyriske forfatterskap lest som feministisk vitalisme. Hovudfagsoppgåve ved Universitetet i Bergen 2005. Digital utgåve, Universitetet i Bergen: http://www.ub.uib.no/elpub/2005/h/522001/Hovedoppgave.pdf [lesedato 10.6.2012]

Peikarar

Cato Fossum: «Den farlige intimiteten», kilden.forskningsrådet.no

Hallgeir Opedal: «Max Magnus. NRKs politiske grillmester Magnus Takvam (57) har arvet sin mors følsomme forfattersinn», dagbladet.no

Cecilie N. Seiness: «Marie Takvam: Kommandert til å bli lyrikar», dagogtid.no

Marie Takvam, forfattarside på aasentunet.no

Først publisert: 25.06.2013
Sist oppdatert: 30.06.2018