Hopp til innhold
Mette Tønder. Foto: Eva Rose Furmyr, Høyre.no på Flickr.com (fri redaksjonell bruk).
Mette Tønder. Foto: Eva Rose Furmyr, Høyre.no på Flickr.com (fri redaksjonell bruk).
X
Innhald

Mette Tønder

Mette Tønder, jurist, politikar og stortingsrepresentant for Høgre frå Akershus sidan 2013.

Mette Tønder er fødd 3. november 1969 i Lørenskog i Akershus og voks opp i Nittedal. Ho var elev ved Bjertnes videregående skole i 1985–88 og er utdanna cand.jur. frå det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo i 1999.

 

Tønder var tilsett hos namsmannen i Oslo i 1999–2004, og ho var rådgivar for stortingsgruppa til Høgre i 2004–07. I perioden 2007–11 var ho ordførar for Høgre i Nittedal kommune og rådgivar i hovudorganisasjonen til Høgre frå 2012. I 2013 blei ho vald til stortingsrepresentant for Høgre frå Akershus.

 

Ho var varamedlem i Nittedal kommunestyre for Høgre i 1999–2003, kommunestyrerepresentant og medlem av formannskapet i 2003–07, før ho var ordførar i 2007–11. I 2009–13 var ho vararepresentant til Stortinget og blei vald inn på fast plass i 2013. På Stortinget er ho medlem av familie- og kulturkomiteen i perioden 2013–17. Politisk er ho oppteken av skule, barnehage, eldreomsorg og frivillig arbeid.

 

Mette Tønder var medlem av styret i Ahus i 2012–13, og ho har vore styreleiar i Kommunenes Sentralforbund (KS) i Akershus.


Kjelder

Mette Tønder, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/R... [lesedato 14.3.2016]

Omtale av Mette Tønder på hoyre.no: http://www.hoyre.no/nb-no/pers... [lesedato 14.3.2016]

 

Peikarar

«Mette Tønder – Akershus Høyre – Stortingsvalg 2013», video, yuotube.com

Espen Bolstad: «Mette Tønder ny ordfører», rb.no 

Geir Jørgen Bekkevold, Mette Tønder, Morten Stordalen og Terje Breivik: «Vi gir barna en sjanse», dagbladet.no

Først publisert: 25.04.2017
Sist oppdatert: 25.04.2017