Hopp til innhold
X
Innhald

Michael Thonet

Michael Thonet, 1796–1871, var tysk møbelprodusent.

Thonet fann fram til ein måte å bøye enkle bøketremøblar på, ved hjelp av damp. Produksjonsmetoden la grunnlaget for ein massefabrikasjon som tok til kring 1850. Med enkel og elegant konstruksjon vart stolane ein etterspurd verdsartikkel. Stolane er framleis i produksjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.10.2016
Sist oppdatert: 06.10.2016