Hopp til innhold
Mor Teresa.
Mor Teresa.
X
Innhald

Mor Teresa

Mor Teresa, albansk nonne. Ho oppheldt seg hovudsakleg i India og arbeidde med fattige i slummen i Calcutta. I 1950 grunnla ho ein hjelpeorganisasjon registrert av Vatikanet som ein eigen orden som arbeider i store deler av verda.

Mor Teresa, eigentleg Agnes Gonxha Bojaxhiu, blei fødd i ein albansk familie i Skopje i det som då låg i Det osmanske riket, i dag i Makedonia, 26. august 1910. Ho døydde 5. september 1997.

Ho oppheldt seg hovudsakleg i India og arbeidde med fattige i slummen i Calcutta. I 1950 grunnla ho ein hjelpeorganisasjon registrert av Vatikanet som ein eigen orden som arbeider i store deler av verda.

Mor Teresa har motteke ei rekkje prisar og utmerkingar for arbeidet med dei fattige, mellom anna æresmedlem av Order of the British Empire, æresmedlem av Order of Merit og amerikansk æresborgarskap.

Mor Teresa fekk Nobels fredspris i 1979. I 2003 vart ho saligkåra av pave Johanns Paul II, og 4. september 2016 vart ho heilagkåra av pave Frans. Hennar minnedag er dødsdagen 5. september.

Kjelder

«Den salige Teresa av Calcutta (1910–1997), katolsk.no, publisert 2.5.2006, http://www.katolsk.no/biografier/historisk/mteresa [lesedato 30.8.2012]

Pave Frans si preike då Mor Teresa vart kanonisert til helgen 4.9.2016, publisert 4.9.2016: http://www.news.va/en/news/holy-mass-and-canonization-of-blessed-mother-teres [lesedato 5.9.2016]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 05.09.2016