Hopp til innhold
X
Innhald

Nikola Tesla

Nikola Tesla, (1857–1943), var elektroingeniør, fysikar og oppfinnar. Han blei fødd i Kroatia i ein serbisk familie, emigrerte til USA i 1884 og blei amerikansk statsborgar i 1891.
 
Tesla er ein av dei viktigaste oppfinnarane innanfor elektroteknikk og elektronikk. Han utførte grunnleggjande forsking blant anna i utviklinga av vekselstraumsmotorar og dynamoar. Tesla blei i ein periode forsøkt diskreditert som eksentrisk, men i dag blir han sett på som visjonær og original. Dei etterlatne notata hans blir framleis sett på som ei kjelde til nye idear.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2011
Sist oppdatert: 30.08.2013