Hopp til innhold

Norvald Tveit

Norvald Tveit, forfattar og dramatikar, særleg kjend for sine burleske folkekomediar.

Tveit er fødd i Leirvik i Hyllestad 22. desember 1927. Han tok utdanning ved lærarskulen i Bergen og arbeidde som lærar i heimkommunen fram til 1972. I 1960 debuterte han og gjorde braksuksess med En sjel og en skjorte, forteljinga om sambygdingen og bohemen Hans Gjerde sitt eventyrlege liv.
 
Han har nådd vidast ut som dramatikar, med elleve urpremierar på norske scener sidan 1977. Stykket Splint (1977) med omstreifarane som tema høyrer til dei mest spela i nyare norsk dramatikk. Av andre folkekomediar han har skrive, kan nemnast Ungkarsfesten (1998) og Uventa lykke for Anders Lone (2001). Tveit sine figurar har ein frisk replikk og eit til tider grovt språk som han har måtta tole kritikk for. Men innanfor dramasjangeren har Tveit også gripe tak i tyngre emne gjennom ei meir alvorleg vinkling, til dømes kvinnemishandling i kristne heimar (I satans vald, 1986).
 
Tveit har sysla med biografiar, matbøker og lokalhistorie, og han har skrive for fjernsyn, mellom anna fire episodar i den samtidshistoriske serien Vestavind frå 1994. Han fekk Ibsenprisen i 1993, Sogn og Fjordane fylke sin kulturpris i 2003 og kongeleg fortenestemedalje i 2007.
 
Kjelder
Finn Borgen Førsund: «Norvald Tveit rundar 80», s.62-69. I Sogeskrift frå Hyllestad 2007

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 18.08.2017