Hopp til innhold
X
Innhald

Olemic Thommessen

Olaf Michael Thommessen frå Lillehammer er advokat og politikar. Frå 2013 til 2018 var han stortingspresident, den høgaste posisjonen i Noreg nest etter kongen. Han representerer partiet Høgre og har vore vald inn på Stortinget frå Oppland sidan 2001.

Olaf Michael (Olemic) Thommessen er fødd på Lillehammer 18. april 1956. Han gjekk på Stabekk gymnas og er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo i 1983, var advokatfullmektig frå 1983 til 1985 og partnar i advokatfirmaet Eggen & Thommessen fram til 1990, då han vart avdelingsleiar i Lillehammer Olympiske Organisasjonskomité (LOOC). Han hadde ansvaret for fakkelstafetten og seremoniprogrammet under vinter-OL i 1994. Deretter var han fram til han vart vald inn på Stortinget i 2001, leiar for kulturproduksjonsselskapet Kulturarrangement Lillehammer. Frå 2000 til 2001 var han òg fungerande operasjef for Ringsakeroperaen, og frå 2010 har han vore styreleiar for Nordisk kulturfond og Foreningen Norden 2010–16.

Thommessen har heilt sidan ungdomen vore aktiv innanfor amatørteater, både som skodespelar og som instruktør. Han har òg skrive fleire teaterstykke og var i åra frå 1984 til 1990 styreleiar i Norsk Amatørteaterråd. Kulturpolitikk har då òg vore den fremste interessa hans, og fram til han vart stortingspresident, var han rekna som partiet sin fremste talsmann i kultursaker.

Thommessen representerte Høgre i Lillehammer kommunestyre frå 1987 til 1995 og var leiar i Lillehammer Høgre frå 1986 til 1991 og for Oppland Høgre frå 1991 til 2001. Han sat òg i sentralstyret i Høgre i same tidsrommet.

På Stortinget var han frå 2001 til 2005 medlem av familie- og administrasjonskomiteen. Frå 2005 til han vart vald til stortingspresident i 2013, sat han i familie- og kulturkomiteen. Som stortingspresident hadde han ei leiarrolle i planlegginga av og gjennomføringa av 200-årsmarkeringa av at den norske grunnlova vart til i 1814. Thommessen vart vald på nytt som stortingspresident i 2017 for perioden 2017–21, men trekte seg i mars 2018 etter at han mista tilliten hos fleirtalet på Stortinget. Dette skjedde etter store budsjettoverskridingar i samband med Stortinget sitt byggjeprosjekt som omfatta rehabilitering av stortingsbygningen og nabobygningar eigd av Stortinget. 

Thommessen har skrive skodespela Mot Gulating (2005) og Utvalgt (2007).

Kjelder

Olemic Thommessen, «Representanter og komiteer», stortinget.nohttp://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=OLET [lesedato 25.05.2014]

Stortinget: «Presidenten trekker seg», stortinget.no, sist oppdatert 8.3.2018: https://stortinget.no/no/Hva-skjer-pa-Stortinget/Nyhetsarkiv/Hva-skjer-nyheter/2017-2018/presidenten-trekker-seg/ [lesedato 9.3.2018]

Først publisert: 27.08.2014
Sist oppdatert: 09.03.2018