Hopp til innhold
X
Innhald

Oluf Turtumøygard

Oluf Turtumøygard, lærar og skulestyrar, radiokåsør og humorist. Som pensjonist heldt han 120 radiokåseri på gudbrandsdalsdialekt.

Oluf Turtumøygard var fødd i Lom 12. februar 1895 og døydde i Øyer 3. oktober 1979. Han var bror til Jo Turtumøygard.
 
Han gjekk på Voss folkehøgskule i 1915, tok examen artium på latinlina ved den høgre allmennskulen på Hamar i 1918 og lærarprøva ved Oslo lærerskole i 1921.
 
Turtumøygard arbeidde i framhaldsskulen i Ringebu 1918–19, var redaksjonssekretær i avisa Oplandet på Hamar 1919–20 og var deretter lærar ved Lia skule i Lom 1921–22. Frå 1922 til 1965 arbeidde han ved Vidarheim skule i Øyer, dei seinare åra som skulestyrar.
 
Etter at han vart pensjonist, heldt Turtumøygard om lag 120 morgonkåseri i serien «Som dagane går» i NRK, alle på dialekt. Ein del av kåseria samla han i 1977 i bøkene Tei nå still, pratmakar Oluf og Tei still du med, onkel Fabro. Kåseria var prega av humor og ironi. Dei tok gjerne utgangspunkt i fiktive personar og hendingar i «Billingsdalen».
 
Turtumøygard var aktiv i 4H, frilynde ungdomslag, mållag, historielag og fråhaldsrørsle. I Øyer ungdomslag var han æresmedlem. I 1963 gav han ut barneboka Det gåtefulle anlegget. Turtumøygard hadde grundig kjennskap til dialektane i Gudbrandsdalen og skreiv kapitlet «Målføra i Gudbrandsdalen» i boka Gudbrandsdalen. Bygd og by i Norge (1974). Han skreiv òg artiklar i Årbok for Gudbrandsdalen. I 1973 vart han heidra med Austmannaprisen frå Austmannalaget.
 
Kjelder
Arne Espeland (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1934
Lars Beite (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1966
Kristian Ourom: «Minneord. Oluf Turtumøygard», Årbok for Gudsbrandsdalen 1980
Oluf Turtumøygard: «Målføra i Gudbrandsdalen», i Knut Ramberg (red.): Gudbrandsdalen. Bygd og by i Norge. Oslo 1974
Sven Egil Omdahl: "Som dagene gikk". Bergens Tidende, 4.2.12. 

Først publisert: 12.11.2009
Sist oppdatert: 07.09.2012