Hopp til innhold
X
Innhald

OnklP (Pål Tøien)

OnklP, rappar. Gjennom duoen Jaa9 & OnklP og raprockgruppa OnklP & De Fjerne Slektningene har han prega utviklinga i norsk hiphop dei siste femten åra.

Pål Tøien er fødd 12. mai 1984 i Asker. Han flytta til Lillehammer då han var tolv år gamal, og budde der då han starta rapkollektivet Dirty Oppland. Seinare flytta han til Oslo, der han framleis bur.

Det var Pål Tøien og Johnny Silseth som var dei sentrale medlemmene i Dirty Oppland, og saman starta dei duoen Jaa9 & OnklP i 2002. Først gav dei ut mikstapen «Bondegrammatikk» (2003), som er den mestseljande mikstapen i Noreg. Året etter kom debutalbumet Sjåre brymæ (2004), som mellom anna inneheld den humoristiske skrønesongen «Kjendisparty». Duoen har seinare gitt ut Bondedramatikk (2008), Sellout! (2009), dobbeltalbumet Lasse og Geir (2011) og Diskoteket er stengt (2014). OnklP har òg gitt ut den personlege og mørke soloplata Det kunne vært deg (2005), og Slekta og Slekta II (2014) saman med rockegruppa De Fjerne Slektningene, der medlemmer frå grupper som Oslo Ess og Turboneger spelar.

Rapstilen til OnklP er tilbakelent og seig, stundom sløv. Musikken hans er ofte lettstemt, med morosame tekstar, snedige rim og frekke, freidige linjer både om han sjølv og om musikarkollegaer og kjendisar. Men like ofte er det svært mørke refleksjonar og lydbilete i musikken til OnklP. Han har vore open om sine eigne problem med angst og rus, seinast i songen «Styggen på ryggen», som han laga saman med De Fjerne Slektningene.

OnklP er mykje brukt som gjesteartist, og han opptrer på ei lang rekkje norske hiphop-album, til dømes av Tungtvann, Lars Vaular og Admiral P.

Jaa9 & OnklP fekk Alarmprisen i 2005 for debutalbumet Sjåre brymæ. Under P3 Gull 2014 blei OnklP & De Fjerne Slektningene kåra til Årets liveartist, og songen «Styggen på ryggen» blei kåra til Årets låt. OnklP & De Fjerne Slektningene blei nominert til Spelemannsprisen i 2014 i kategorien Urban, medan «Styggen på ryggen» blei nominert i kategorien Årets hit.

Kjelder

Biografi på nettstaden til Jaa9 & OnklP: http://9p.no/?page_id=17[lesedato 9.3.2015]

Runar Gudnasson: «Supermann i rullestol», Dagbladet 19.10.2014:http://www.dagbladet.no/2014/10/19/kultur/musikk/vers/onklp/35779874/ [lesedato 10.3.2015]

Øyvind Holen: «Onkel blå», Dagens næringsliv 15.5.2014: https://www.dn.no/d2/2014/05/15/Profil/onkel-bl [lesedato 9.3.2015]

Peikarar

OnklP & De Fjerne Slektningene framfører «Styggen på ryggen» på P3 Spanderer, youtube.com:

Musikkvideoen til «Kjendisparty» av Jaa9 & OnklP, youtube.com:

Først publisert: 21.08.2015
Sist oppdatert: 21.08.2015