Hopp til innhold
X
Innhald

Øyvind Torvund

Øyvind Torvund, komponist, eksperimenterer med musikkens grenser, og nyttar gjerne nynorsk i omtalen sin av musikk.

Øyvind Torvund er fødd 23. juli 1976 i Porsgrunn og oppvaksen i Kviteseid i Vest-Telemark. Han har grunnfag i nordisk frå Høgskolen i Stavanger (1995–96) og studerte komposisjon same stad (1996–97). Han fullførte kandidatstudiet i komposisjon ved Noregs musikkhøgskole i 2002.
Verklista til Torvund er omfattande. Som komponist arbeider han gjerne utanfor vanlege sjangerinndelingar, og syner ei nyfikne med tanke på kva musikkomgrepet kan innehalde. Dette kjem til syne i serien «Bandrom», der den kunstnarlege ideen ikkje først tek utgangspunkt i eit musikalsk materiale, men like mykje i den åstaden der musikken vert framført (til dømes i ei campingvogn), eller måten musikken vert innstudert på (til dømes gjennom munnleg overlevering).
Den breie kunnskapen hans om ny musikk har òg gitt han oppgåver som formidlar. Torvund var redaktør for Parergon, eit tidsskrift for ny musikk, i 2001–02. I samarbeid med Nicholas Møllerhaug var han i 2003 kunstnarleg leiar for samtidsmusikkfestivalen Music Factory i Bergen, og medansvarleg for programmet til samtidsmusikkfestivalen Borealis i 2004–08. Sidan 2009 har han vore kunstnarleg leiar for organisasjonen Ny Musikk, som formidlar samtidsmusikk over heile landet.
Torvund mottok i 2008 eit arbeidsstipend frå Civitella Ranieri Fellowship i Italia.
Kjelder
Øyvind Torvund, e-post 20.12.2010
Björn Gottstein: «Periferi uten sentrum – Om musikk av Øyvind Torvund», mic.no, publisert 15.2.2008, http://www.mic.no/nmi.nsf/micdoc/art2008022910485626845044 [lesedato 20.12.2010]
Peikarar

Først publisert: 16.11.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013